Arbeidsretta rehabilitering - dagtilbod og poliklinikk

 

Dagbasert arbeidsretta rehabilitering:

Meistring av helsetilstand og styrking av arbeidsevne gjennom

  • Undervisning
  • Fysisk aktivitet
  • Rettleiing
  • Individuelle samtalar

Vanlege psykiske lidingar

Personar med angst, 
psykisk ubalanse og
depresjon. Tilbodet er og retta
for pasientar med allmenne og
uspesifiserte symptom og plagar
der psykologiske og sosiale 
mekanismar synes å vere sentrale 
i å oppretthalde lidinga.

Muskel– skjelettlidingar

Personar med plagar i muskel-skjellettsystemet og allmenne og uspesifiserte symptom og plagar der psykologiske og sosiale mekanismar synes å vere sentrale i å oppretthalde lidinga.
Tilbodet er for dei som står i fare for eller har blitt sjukmelde, eller mottek AAP på grunn av desse plagene.
Begge tilboda er for aldersgruppa 18-67 år.

Ved Muritunet si dagavdeling på Moa, Daaeskogen Næringsbygg i Langelandsveien 17.

Målsetting
Tilbodet skal bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar knytt til manglande arbeidsdeltaking, handtering av utfordringar relatert til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, tru på eigne evner, meistring og behov for samhandling mellom helseteneste, NAV og arbeidsgivar.

Organisering
Ein legg opp til seks vekers forløp med oppmøte to dagar og tre dagar annakvar veke. Innhaldet i timeplanen vil vere med individuelle tilpassingar ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Deltakarane blir følgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar, kognitiv terapeut, ergoterapeut, idrettspedagog, arbeidskonsulent og ernæringsfysiolog. Tilbodet bygg på teori og praksis innanfor områda arbeid og funksjonsfremjande aktivitet.

Poliklinisk oppmøte er eit alternativ.   Dette kan vi også utføre som videokonsultasjon, noko som elles er sidestilt med fysisk oppmøte hos behandlar.

Eksterne aktørar
Arbeidsretta rehabilitering ved Muritunet inngår i ei samhandlingskjede i oppfølginga av sjukemeldte pasientar. Dette skal bidra til at pasienten sitt forløp tilbake i jobb skjer på ein koordinert og integrert måte med involvering av alle aktørar som har innverknad på prosessen. Kontakt med arbeidsplassen kan bidra til å støtte dialogen mellom den sjukmeldte og arbeidsgivar. For pasientar utan arbeid vil vi understøtte prosessen retta mot arbeidsmarknaden. Her kan fokus vere karriererettleiing, samarbeid med NAV om eventuell arbeidsutprøving og jobbsøking. Omfang av kontakt vil vere ut frå pasienten og arbeidsgivar/NAV sine behov.

Søknad
Fastlege/behandlande lege henviser direkte til Muritunet ved inntakskontoret.

Kontaktpersonar
Ved ønske om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte;
Teamleiar Ester Vinje Nilsen tlf. 48 03 55 02 

Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.

Celsius