Lungesjukdom/KOLS - dagtilbod

 

Aktivitetstilbod

  • Variert fysisk aktivitet
  • individuelt og i gruppe
  • Styrketrening i treningssenter og gymsal
  • Turar i friluft
  • Trening i varmtvannsbasseng
  • Eigentrening

Undervising og samtalegrupper
der tema er:

  • Lungesjukdom
  • Bevegelse og helse
  • Energiøkonomisering
  • Meistringsteknikker
  • Kosthald og praktisk
  • Matlaging
  • Erfaringsutveksling
  • Røykekutt

Ved Muritunet si dagavdeling på Moa, Daaeskogen Næringsbygg i Langelandsveien 17. Kurset varer i 7 veker, med muligheit for forlenging inntil 11 veker ved behov. Det er organisert med oppmøte to og tre dager annakvar veke. Heile kurset vil vere individuelt tilpassa.

Målgruppe
Lungepasienter med samansatte helseutfordringer. Det vil passe både for nyoppdaga lungesjukdom, og for dei som har levd med det i lengre tid.
Hovudmål

  • Å auke kunnskap om lungesjukdom
  • Teste fysisk kapasitet, og utarbeide individuelt tilpassa treningsprogram
  • Auka tryggleik i eigen kvardag gjennom kjennskap til rett bruk av
  • medisin, fysisk aktivitet og bevisstgjering av aktivitetsmønster
  • Fokus på å deltaking i arbeidslivet der det er aktuelt
  • Fokus på dei positive sidene ved å redusere eller slutte å røyke

Organisering

Pasientane får oppfølging av eit tverrfagleg team beståande av spesialist i indremedisin og lungesjukdommar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent ved behov

Søknad
Sjukehusavdeling kan søkje direkte til Muritunet. Fastlege eller avtalespesialist kan søkje via:

Helse Nord-Trøndelag HF
RVE - Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger

Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterligare informasjon om tilbodet ta kontakt med Inntakskontoret (70258400), eller Teamleiar Ester Vinje Nilsen (70258373) ester@muritunet.no

Celsius