Muskel-/blautdelssmerter - dagtilbod

 

Aktivitetstilbod

  • Variert fysisk aktivitet
  • Individuelt og i gruppe med fokus på bevegelsesglede styrke og kondisjon.
  • Styrketrening i treningssenter og gymsal
  • Bassengtrening
  • Turar i friluft
  • Eigentrening

Undervising og samtalegrupper der tema er:

  • Kognitiv metode
  • Sjølvbilde
  • Treningslære
  • Smertemeistring
  • Deltaking i arbeidslivet
  • Kvardagsmeistring
  • Energiøkonomisering
  • Sunt kosthald

Ved Muritunet si dagavdeling på Moa, Daaeskogen Næringsbygg i Langelandsveien 17.

Tilbodet er retta mot
Vaksne med behov for tverrfagleg samansett rehabilitering. Det kan og vere aktuelt med kartleggings- og vurderingsopphald i samhandling med kommunene. Pasientane vert tilvist via primær- og/eller spesialist helsetjenesta

Formålet med tilbodet
Vil vere å auke kunnskap, bevisstgjering og meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk, sosialt, i arbeid og utdanning. Pasientane skal bli kjent med korleis kognitive metodar kan brukast til å jobbe med eigen tankar, følelser og handlingar. Trening, bevisstgjering av eigne mønster i kvardagen, samt det å møte andre i liknende situasjon kan bidra til ein betre kvardag. Alle vil få moglegheita til å utforske eigne ressursar, mestringsstrategiar og grenser i trygge omgjevnader. Tilbakeføring til, eller oppretthalding av arbeid/utdanning der det er aktuelt.

Eigenandel
Eigenandelen for dagopphald på Muritunet er kr. 150,- pr. døgn. Muritunet har betalingsterminal. Beløpet går inn i Eigenandelstak 2, som er kr. 2176,- i 2020

Søknad
Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke. Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00, eller teamlear dagavdelinga, Ester Vinje tlf. 43 03 55 02


Celsius