Arbeidsretta rehabilitering - døgntilbod

 

Meistring av helsetilstand og styrking av arbeidsevne gjennom:

  • Undervisning
  • Fysisk aktivitet
  • Rettleiing
  • Sosial øving

Vanlege psykiske lidingar

Tilbodet for personar med angst, psykisk ubalanse og depresjon. Er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Muskel– skjelettlidingar

Tilbodet til personar med plagar i muskel,- skjellettsystemet og allmenne og uspesifiserte symptom og plagar der psykologiske og sosiale mekanismar synes å vere sentrale i å oppretthalde lidinga. 

Tilboda er for dei som står i fare for eller har blitt sjukmelde, eller mottek AAP på grunn av desse plagene.

Tilbodet er for aldersgruppa  18-67 år.

Målsetting
Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten
si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar knytt til manglande
arbeidsdeltaking, handtering av utfordringar relatert til krav i arbeidslivet, sosiale
relasjonar på jobb, tru på eigne evner, meistring og behov for samhandling
mellom helseteneste, NAV og arbeidsgivar.

Organisering
Døgnbasert opphald på Muritunet med inntak kvar månad. Ein legg opp til fire
vekers opphald med individuelle tilpassingar ut frå mål for opphaldet og faglege
vurderingar.
Deltakarane blir følgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, psykolog,
fysioterapeut, sjukepleiar, kognitiv terapeut, ergoterapeut, idrettspedagog,
arbeidskonsulent og ernæringsfysiolog. Tilbodet bygg på teori og praksis
innanfor områda arbeid og funksjonsfremjande aktivitet.

Eksterne aktørar
Arbeidsretta rehabilitering ved Muritunet inngår i ei samhandlingskjede i oppfølginga
av sjukemeldte pasientar. Dette skal bidra til at pasienten sitt forløp tilbake
i jobb skjer på ein koordinert og integrert måte med involvering av alle aktørar
som har innverknad på prosessen. Kontakt med arbeidsplassen kan bidra til å
støtte dialogen mellom den sjukmeldte og arbeidsgivar. For pasientar utan arbeid
vil vi understøtte prosessen retta mot arbeidsmarknaden. Her kan fokus vere
karriererettleiing, samarbeid med NAV om eventuell arbeidsutprøving og
jobbsøking. Omfang av kontakt vil vere ut frå pasienten og arbeidsgivar/NAV sine
behov.

Innsøk:
Fastlege/behandlande lege
henviser direkte til Muritunet
ved inntakskontoret.

Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte;
Teamleiar Sara Grønningsæter tlf. 70 25 83 63
Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.

Celsius