Kroniske bekkenleddsplager - døgntilbod
Tiltak
- Individuelt tilpassa trening og tøying
- Bevissgjering bevegelsesmønster
- Bevissgjering aktivitetsmønster
- Varmtvassbasseng
- Bevegelse og avspenning i gymsal
- Turar i friluft
Lærings og dialoggrupper der sentrale tema er
- Bekkenet sin anatomi og funksjon
- Treningslære
- Smerte
- Ergonomi
- Energiøkonimisering
- Kognitiv terapi
- Kvardagsmeistring
Målgruppe
Kvinner med langvarige bekkenleddsplager etter svangerskap.
Formål
Tilbodet skal auke kunnskap, bevisstgjering og meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk og sosialt. Å bli kjend med korleis kognitive metodar påverkar tankar, følelsar og åtferd. Korleis trening, bevisstgjering av eige aktivitetsnivå og det å møte andrei samme situasjon kan bidra til ein betre kvardag. Pasientane får teste eigen kapasitet, utforske ressursar og grenser i trygge omgjevnader. Fokus på tilbakeføring til eller å oppretthalde arbeid/ utdanning der det er aktuelt.
Organisering
Tilbodet er døgnbasert og varer i 4 veker. Vår tilnærming er rehabilitering med kognitiv terapi. Deltakarne blir fulgt opp av eit tverrfaglig team beståande av lege, kognitiv terapeut, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog og arbeidskonsulent.
Hovedmål
- Auka kunnskap, bevisstheit og funksjonsnivå.
- Tileigne seg positive meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag.
- Bidra til auka meistringsevne, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt.
Søknad
Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søkje til:
Helse Nord-Trøndelag HF
RVE-Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger
Ved spørsmål ta kontakt med
Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00, eller teamleiar 2, Sara Grønningsæter på tlf. 70 25 83 63