Covid - 19 rehabilitering

 


Utfallet av eit alvorleg forløp av Covid-19 sjukdom kan gi ulike ettervirkningar og symptom. 


Desse kan vere mellom anna: 

  • nedsett lungefunksjon, 
  • trøytheit, 
  • nedsett kognitiv funksjon, 
  • angst, 
  • depresjon og 
  • nevromuskulære plager. 

Målgruppe 

Pasientar som har gjennomgått Covid-19 sjukdom, uavhengig av om ein har vore innlagt på sjukehus eller ikkje. 

Formål 

Formålet med eit rehabiliteringsopphald på Muritunet er å betre pasienten si fysiske og psykiske helse samt auke livskvaliteten. Det å skulle tileigne seg meistringsstrategiar for å oppretthalde deltaking i ein aktiv kvardag. Ha fokus på arbeidslivet kor dette er aktuelt. 

Organisering 

Tilbodet er døgnbasert og går over 3 veker. Deltakarane får oppfølging av eit tverrfagleg team sett saman av  lege, fysioterapeut,  sjukepleiar, ergoterapeut, bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent  ved behov. Tilbodet vert individuelt tilpassa. 

Søknad 

Spesialisthelsetenesta kan søke direkte til Muritunet. Fastlege eller avtalespesialist kan søke via:

Helse Nord-Trøndelag HF  
RVE - Regional vurderingsenhet  
Postboks 333  
7601 Levanger

Kontaktpersonar 

Ved ønske om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte  teamleiar Sissel Skudal tlf 70 25 83 93 
eller  Inntakskontoret på Muritunet på tlf 70 25 84 00.


Celsius