Fedmeopererte - døgntilbod

 

Aktivitetstilbodet vil innehalde variert fysisk aktivitet inne/ute:

  • Bevegelsesglede!
  • Styrke – og kondisjonstrening
  • Basseng
  • Spinning
  • Aktivitet og turar i friluft
  • Eigentrening

Undervising og samtalegrupper:

  • Endringsarbeid og motivasjon
  • Meistringsstrategiar
  • Fakta om overvekt
  • Livsstilsendring
  • Ernæringslære
  • Praktisk matlaging
  • Bevegelse og helse
  • Erfaringsutveksling

Livsstilskurset går over 2 veker og er døgnbasert.

Målgruppe
Personar som har gjennomført fedmeoperasjon nyleg, eller tidlegare år.

Organisering
Gruppebasert døgntilbod med individuell tilrettelegging der pasientane vert følgt opp av eit tverrfagleg team. Teamet består av lege, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog, ernæringsrådgivar og klinisk ernæringsrådgivar.

Hovudmål
Målet er at pasientane skal oppnå ei varig livsstilsendring etter fedmeoperasjon
ved å betre fysisk, psykisk og sosial helse, redusere følgjetilstandar
grunna overvekt samt auke/oppretthalde arbeidsdeltaking.

Søknad
Fastlege henviser til overvektspoliklinikk eller kirurgisk avdeling på sjukehus
som så henviser vidare direkte til Muritunet.

Evt. spørsmål kan rettast til Inntakskontoret (70258400),
eller Teamleiar Karianne Dahl (70258390), karianne.dahl@muritunet.no

Celsius