Hjerterehabilitering - døgntilbod
Aktivitetstilbod
- Variert fysisk aktivitet individuelt og i gruppe etter Ullevåls-modellen
- Styrketrening i treningssenter og gymsal
- Trening i varmtvassbasseng
- Øvingar etter psykomotoriske prinsipp
- Avspenning
- Turar i friluft
- Eigentrening
Undervising og dialoggrupper
- Fakta om hjertesjukdom
- Treningslære
- Kognitiv metode
- Hjertevennlig kost,- teori og praksis
- Stressmeistring
- Energiøkonomisering
- Røykekutt
Gruppebasert hjerterehabilitering med individuell tilrettelegging etter eit sjukehusopphald, eller seinare i forløpet av hjertesjukdom.
Målgruppe
Pasientar med behov for rehabilitering etter hjerteinfarkt, hjertesvikt, stabil angina pectoris og ukompliserte operative inngrep. Dette kan vere innsett stent, by-pass, pacemaker, klaffekirurgi eller hjertetransplantasjon.
Hovudmål
- Å betre fysisk kapasitet i tråd med eventuelle restriksjonar
- Lære meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag
- Auke meistringsfølelse, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt.
- Fokus på deltaking i arbeidslivet kor dette er aktuelt
- Auke livskvalitet
Organisering
Tilbodet er døgnbasert og går over 3 veker. Deltakarane får oppfølging av eit tverrfagleg team beståande av mellom anna lege, fysioterapeut, sjukepleiar, bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent ved behov.
Søknad
Spesialisthelsetenesta kan søkje direkte til Muritunet. Fastlege eller avtalespesialist kan søke via
Helse Nord-Trøndelag HF
RVE-Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger
Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterligare informasjon om tilbodet ta kontakt med Teamleiar Sissel Skudal på telefon 70 25 83 93 eller Inntakskontoret ved Muritunet på telefon 70 25 84 00.