Kompleks rehabilitering - døgntilbod

 
  • Individuelt døgnbasert tilbod til vaksne med behov for kompleks rehabilitering. 
  • Muritunet tek imot enkelte pasientar med Barthel ADL-indeks ned mot 6 i planlagt forløp. 
  • Både spesialisthelsetenesta, fastlege og avtalespesialist kan søke pasienten inn.
  • Målsetting med tilbodet er betra funksjons- og meistringsevne med mål om å bli meir sjølvstendig og sjølvhjelpt i dagleglivet. 
  • Tilbakeføring til utdanning eller arbeid er viktige mål der dette er aktuelt.

Kartlegging og rehabilitering blir gitt av eit tverrfagleg team med legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og psykiatri, fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar, dietist og arbeidskonsulent.  Fleire i teamet har vidareutdanning innan kognitiv terapi og motiverande intervju. Muritunet har sjukepleiar på vakt 24-timar i døgnet.  Funksjonsfremjande trening/ADL-trening med fokus på aktivitet og deltaking, postoperativ observasjonar, sår-skift/kontroll, smertelindring- og smertemeistringstiltak, oppfølging av følgjetilstandar etter skade på indre organ og/eller perifere nervar, tilrettelegging for søvn, restitusjon og god ernæringsstatus. Assistanse/tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og ved måltid er ein del av tilbodet.  Kartlegge behov for hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen, samt å følge opp med tiltak i samarbeid med primærhelseteneste og hjelpemiddelsentralen. Planlagde aktivitetar som blir utført saman med pasienten er målretta og vert nedfelt i ein individuell rehabiliteringsplan.  I fysikalsk behandling er rettleiing og medisinsk treningsterapi (MTT) viktige verkemiddel. Dette inkluderer informasjon om restriksjonar og forventa progresjon ut frå sjukdoms-/skadetilstand. Psykomotoriske prinsipp blir brukt for smertemeistring i form av pusteteknikkar og avspenning.  Samhandling med relevante aktørar som pårørande, primærhelsetenesta, fastlege, andre i spesialisthelsetenesta, arbeidsgjevar, BHT, NAV og arbeidslivssenter er sentralt i planlegging og tilrettelegging av eit heilskapleg pasientforløp.  Spesielt for dei med omfattande skadar etter akutt hending er kartlegging av behov for og initiering av IP eit viktig tiltak.

Spesialisthelsetenesta kan henvise direkte til Muritunet. 

Fastlege eller avtalespesialist søker via:
Helse Nord-Trøndelag HF
RVE - Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger 

Ved ønske om ytterligere informasjon ta kontakt med Inntakskontoret 70258400.

Celsius