Lunge/KOLS - døgntilbod
Aktivitetstilbod
- Variert fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
- Styrketrening i trenings- senter og gymsal
- Trening i varmtvassbasseng
- Turar i friluft
- Avspenning
- Eigentrening
Undervisning og dialoggrupper:
- Fakta om lungesjukdom
- Energiøkonomisering
- Ulike meistrings-teknikkar og strategiar
- Kosthald i teori og praksis
- Erfaringsutveksling
- Røykekuttkurs
Målgruppe
Tilbodet er gruppebasert med individuell tilrettelegging for vaksne pasientar med kronisk obstruktiv (inkludert astma) og restriktiv lungesjukdom, KOLS-grad I-IV. Vidare kan ein søkje inn pasientar med sequele etter sarcoidose, lungekreft, og bindevevssjukdommar. Ein ynskjer å førebygge innlegging i sjukehus for denne gruppa. Tilbodet er døgnbasert og går over 4 veker. Deltakarane får oppfølging av eit tverrfagleg team beståande av spesialist i indremedisin og lungesjukdomar, fysioterapeut, sjukepleiar, bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent ved behov.
Lunge 1 – Hovudkurs: 4 veker på Muritunet. Enkelte kan kvalifisere til 3 dagar ambulant oppfølging etter heimreise.
Lunge 2 – Re-opphald: inntil 4 veker på Muritunet.
Lunge 3 – Akutt lunge-opphald: 2-4 veker på Muritunet 1-2 veker etter utskriving frå sjukehus.
Kontaktpersonar
Ved ønske om ytterligare informasjon ta kontakt med:
Teamleiar Sissel Skudal, tlf. 70 25 83 93, eller
Inntakskontoret ved Muritunet, tlf. 70 25 84 00.