Brukarutvalet (BU)

Utvalet har 3 medlemar med varamedlemar som er valt av styret i Muritunet (MT) etter nominasjon av FFO M&R og SAFO M&R og Kreftforeninga. FFO, SAFO og Kreftforeninga har respektivt sine eigne varamedlemar. Funksjonstid på 2 år er fulle kalenderår rekna f.o.m. 01.01 t.o.m. 31.12. Valte medlemar kan renominerast og veljast for ny periode. Utvalet konstituerar seg sjølv. Muritunet stiller med sekretær for utvalet.

Formål: ”Brukarane si erfaring og kompetanse skal nyttast i planlegging og tilrettelegging av meistrings- og rehabiliteringstilbod i Muritunet, for å oppnå betre kvalitet på tenestene.”

Utvalet har eigne møter i forkant av Muritunet sine styremøter. Leiar, eller den som leiar delegerar mynde til, har møte,- tale- og forslagsrett i styresaker. Dei møter med ein representant i styremøta. Brukarutvalet har forslagskasse både ved avdelinga på Moa og i Vallda der ein kan kome med innspel eller forslag. Innspel eller forslag kan også sendast direkte til leiar i utvalet. 

BU 2023 - 2024:

  • Janne Remøy Endresen (SAFO) leiar, e-post: janne@endres1.no   
    • Vara: Olav Amund Myklebust (SAFO)
  • Ingrid Løset (Mental Helse), nestleiar.                                        
    • Vara: Odd Arne Grande (FFO/ LHL)
  • Greta Garnes (Kreftforeningen)
    • Vara: Ann Helene Skaare (FFO/ Kreftforeningen)

Sveinung Vemøy, Muritunet, er sekretær for utvalet.