Vi legg til rette for ei aktiv fritid
Uteområdet
Uteanlegget ved Muritunet er godkjent som helsesportanlegg med moglegheit for aktivitet som kjempesjakk, kubb-spel, hesteskokasting, basket og utlån av syklar.
Ved sjøkanten har Muritunet ei eiga hamn med lav brygge. Ein liten robåt med påhengsmotor, samt fiskeutstyr kan lånast eller ein kan fiske frå land. Fine badeplassar ligg rett ved senteret. I området rundt finst eit mangfald av turstiar der nokre er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Kart for aktuelle turmål i nærområdet kan ein finne i «Aktivitetsveggen».
Aktivitetsrommet
Fritidsleiarane inviterer til trivelege stunder ved aktivitetsrommet i 2.etg. Her kan du velge frå eit variert og godt utval av ulike hobbymateriale og utstyr. Fritidsleiarane er tilgjengelege for rettleiing og tilrettelegging av aktivitetar. Inn i mellom vert det også organisert aktivitetar som bingo, quiz m.m. Dørene er alltid opne. Velkomen innom!
Fritidsrommet
Muritunet oppfordrar til leik, liv og røre. I fritidsrommet kan ein blandt anna halde på med ulike aktivtetar som bordtennins, biljard, wii, dart og fotballspel.
"Aktivitetsveggen"
Aktivitetsveggen består av ein reol med ulike vekeblad, aktualitetsblad og ymse spel som sjakk, kort, Geni, Solitaire, refleksvest, haudelykter og osv. som ein kan låne under opphaldet. Ordninga med aktivitetsveggen er basert på at ein låner og set tilbake etter bruk.
Treningssenteret Fjordtrim
Fjordtrim har eiga heimeside og opplysningar om aktivitetane finn du her: www.fjordtrim.no
Bassenget
Bruk av basseng utanom organisert aktivitet føreset at det er minimum 3 personar saman. Regelen er ufråvikeleg av omsyn til sikkerheit! Ein avtaler tider med vaktrommet og inviterer med andre på ei tavle ved symjehallen.