Under opphaldet kan pårørande vere ein viktig ressurs i rehabiliteringsforløpet for sine nære som ei kunnskapskjelde, ein representant eller som omsorgsperson. Pårørande har difor høve til å vere på Muritunet under heile eller delar av opphaldet.
Grunna romkapasiteten er det avgrensa kor mange som kan bu på rommet samstundes. Ta alltid kontakt med resepsjonen om det er aktuelt med overnatting.
NB! Føresette som er med born eller ungdom på livsstilskurs betalar ikkje eigenandel.