Inntakskontoret: 70 25 84 00
Pårørande er viktige som støttespelarar og samarbeidspartnarar for den som er i rehabilitering. Dersom pasienten ønsker det, er pårørende hjarteleg velkommen til å vere med i individuelle samtalar saman med pasienten.
Å leve med ein kroppsmasseindeks større eller lik 35 med eller utan komplikasjonar relatert til fedme (Helsedirektoratet) er ein kompleks og kronisk sjukdom som krev tiltak over tid.
Målet med deltaking på livsstilskurs på Muritunet er å gjere ei varig livsstilsendring. Kunnskap om sunt kosthald, mentale prosesser, følelsesregulering og fysisk aktivitet er sentralt. Intervensjonen er tredelt, med fysisk aktivitet, undervisning og indviduelle timer. For å oppnå varig livsstilsendring er det viktig å jobbe stegvis med realistiske delmål.
Livsstilsendring involverer og påverkar dei som står pasienten nær. Vi oppfordrar til nær dialog mellom dei involverte i prosessen om mål for tida framover og kva støtte som trengs for å nå desse måla. Døme på eit viktig område kan vere regelmessig måltidsrytme med fire måltid dagleg. Planlegging, tilrettelegging og oppfølging av måltidsplanen er sentralt.
Muritunet følgjer dei Nasjonale retningslinjer for kosthald og fysisk aktivitet av Helsedirektoratet. For meir kunnskap om gjeldande anbefalingar så kan desse nettsidene vere til nytte:
Vi råder til