Under, i mellom eller etter opphalda kan pårørande vere ein viktig ressurs i rehabiliteringsforløpet for sine nære.

Til pårørande og støttepersonar

Å leve med ein kroppsmasseindeks større eller lik 35 med eller utan komplikasjonar relatert til fedme (Helsedirektoratet) er ein kompleks og kronisk sjukdom som krev tiltak over tid.

Målet med deltaking på livsstilskurs på Muritunet er å gjere  varige livsstilsendringar. Kunnskap om sunt kosthald og fysisk aktivitet er sentralt. Gjennom opphalda vil ein få prøve ut ulike aktivitetsformer, erfaring med praktisk matlaging, samt undervisning gjennom innlæring og bruk av meistringsstrategiar. For å oppnå varig livsstilsendring er det viktig å jobbe stegvis med realistiske delmål. 

Livsstilsendring involverer og påverkar dei som står pasienten nær. På Muritunet oppfordrar vi til nær dialog mellom dei involverte i prosessen om mål for tida framover, og kva støtte som trengs for å nå desse måla. Døme på eit viktig område kan vere regelmessig måltidsrytme med fire måltid dagleg og riktige matvalg. Planlegging, tilrettelegging og oppfølging av måltidsplanen er sentralt. 

Muritunet følgjer dei Nasjonale retningslinjer for kosthald og fysisk aktivitet av Helsedirektoratet. For meir kunnskap om gjeldande anbefalingar så kan desse nettsidene vere til nytte:

Viktig råd framover

Først, det er viktig å avklare forventningar til kvarandre. Vi anbefalar å vere nysgjerrig og spørje om kva som blir forventa av deg, og korleis du kan legge til rette for at den det gjeld når måla sine. Kanskje kan du lære noko nytt som er bra for deg også? 

Overnatting og pris

  • Pårørande eller støttepersonar kan under opphaldet overnatte på Muritunet. Grunna romkapasiteten er det avgrensa kor mange som kan bu på rommet samstundes. Ta alltid kontakt med resepsjonen om det er aktuelt med overnatting. 
  • Pårørande betalar for helg/enkeltdagar, kr 650,- pr døgn pr. person inkludert måltid.