Nokon gongar må vi berre ta "knekken" på mytar

Stemmer det at artrose er berre noko som eldre får? Eller at trening ikkje er bra for deg med artrose? Nei ikkje heilt og ofte kan det vere motsatt av kva du trur.

5 mytar om artrose

Myte 1: Artrose er berre noko som eldre får 

Svar: Alder er ein risikofaktor for artrose, men det betyr ikkje at alle som er gamle har artrose eller at unge menneskjer ikkje kan få artrose. 

Myte 2: Trening med artrose fører til smerte 

Svar: Startsmerter og stivheit er det som er vanlegast. Heldigvis avtar smertene etter kvart under aktivitet.

Myte 3: Det er ikkje noko du kan gjere for å behandle artrose 

Svar: Forsking viser at det er mykje som kan gjerast for å redusere smerte og auke funksjon, til dømes styrketrening og fysisk aktivitet. 

Myte 4: Artrose har få samfunnsøkonomiske konsekvensar 

Svar: ca. Artrose er den vanlegaste leddsjukdommen blant den voksne befolkninga i Norge. Omtrent 300.000 har artrose i Norge og fleire motek uføreytelse frå nav.

Myte 5: Du må halde leddet i ro slik at du ikkje «slit meir på det».  

Svar: Eit ledd treng moderat belastning fordi bevegelse smørar leddet, så ikkje ver redd for å beveg deg. 

Kvifor trening er viktig for dei med artrose?  

Fysisk aktivitet er den beste behandlinga for deg med artrose. Trening og spesielt styrketrening har vist seg å ha best effekt på artrose fordi moderat belastning og bevegelse smører leddet. I tillegg er trening med på å redusere smerte og stivheit i leddet. 

Vi veit at trening er bra, men kor mykje belastning tole du? Belastningstilpassa trening og øvingar kan ein fysioterapeut hjelpe deg med.

Lev best mogleg med sjukdommen 

  • Skaff deg kunnskap 

Har du fått diagnosen artrose, kan det vere nyttig at du høyrer med ein erfaren behandlar som kan formidle kunnskap om sjukdommen og gi deg råd om korleis du best kan leve med artrose.  

  • Sett helsa di først 

Kosthaldrådgiving er også nyttig for deg har fått anbefalt vektnedgang. Mindre belastning på leddet kan bidra til mindre smerte. Dette kan igjen betre din livskvalitet og generelle helse.  

  • Behandling 

Visste du at det kun er 10% av alle med artrose som får byttet ut leddet? Dette fordi kirurgi kan ha komplikasjonar.  

Fysisk aktivitet er den beste behandlinga for deg med Artrose. Er du usikker på korleis du skal komme i gang med trening, kan det vere nyttig å fortlje legen din at du treng hjelp. Legen kan komme forslag til oppfølging som kan gi deg ein lettare start på treninga.  

Treng du starthjelp 

Kor finn du behandlingsstader for brudd, slitasje og ortopedi. Her finn du ei liste over private institusjonar som har avtale med helseregion Midt-Norge og Nord-Trøndelag.