Kvile er ikkje utelukkande det same som å legge seg på sofaen

Kva er kvile? Kvile er ein tilstand der kroppen og sinnet får moglegheit til å slappe av og restituere seg. Vi kviler når vi søv, men også når vi tek pausar frå aktivitetar, som å sitje stille, lese ei bok, eller meditere. Kvile kan skje om du er saman med andre eller går ein tur. Kvile kan skje når som helst på dagen, men det er spesielt viktig å få tilstrekkeleg kvile om natta.

Korleis kjennes kvile ut? 

Mental kvile kan nesten virke fjernt for mange, for korleis kjennes det ut når kroppen kviler? Når du søv, er kroppen avslappa og underbevisstheita tar over. På Muritunet beskriv tilsette kvile som ein tilstand med fråvær av stress der ein kjenner seg roleg og lett.

Distraksjonar i livet gjer kvile til eit aktivt val 

Skjermtid påverkar søvnkvaliteten negativt på grunn av blått lys som påverkar døgnrytmen. Underhaldning på mobilane våre gjer teknologi nesten umogleg å velje vekk. Likevel er det nettopp det som må til for å optimalisere kvile. Derfor er kvile noko ein må aktivt velje. (2)

Kjenner du at det vrir seg av ubehag når du sit på venterommet, telefonen skrik “ta meg opp frå lomma”, og du har alt gjort det før du har tenkt deg om? Då vil du ha nytte av å trene på å tole stillheit og kjede deg.

Logg av jobb, krav og sosiale media

  • Sett grenser: Bestem deg for bestemte tider på dagen når du ikkje sjekkar jobb-e-post eller sosiale media
  • Skap rutinar: Ha faste rutinar for når du startar og avsluttar arbeidsdagen.
  • Alternative aktivitetar: Engasjer deg i aktivitetar som ikkje involverer skjermar, som å lese, gå tur, eller trene
  • Øv deg på å gjere ingenting: Det å tole stillheit kan hjelpe deg å vere meir til stades i augneblinken og gjere deg meir bevisst på eigne tankar

Ulike former for kvile

Aktiv kvile er eit begrep som ofte går igjen når det er snakk om mestring av stress. (3) Kvile er ikkje utelukkande det same som å legge seg på sofaen. Aktiv kvile refererer til ein form for kvile der kroppen framleis er i bevegelse, med aktivitetar med låg intensitet. Dette kan inkludere aktivitetar som gåturar, fjelltur, yoga, eller symjing. Aktiv kvile skil seg frå passiv kvile, der ein ikkje utfører nokon fysisk aktivitet og fokuserer på total avslapping, som å ligge på sofaen eller sove.

Kva er fordelen med aktiv kvile?

  1. Reduserer stress: Aktiv kvile gir deg ein plass med fråvær av stress.
  2. Reduserer muskelspenningar: Roleg fysisk aktivitet i staden for sitting eller ligging vil hjelpe deg å løyse opp stivheit og spenningar i musklar og ledd.
  3. Forbetrar humøret: Fysisk aktivitet gjer deg gladare.
  4. Fremjar betre søvn: Regelmessig aktiv kvile kan bidra til betre søvnkvalitet.

Aktiv kvile - Aktivitetar med fråvær av stress:

  • Gå turar
  • Lett aktivitet i naturen
  • Yoga
  • Roleg symjing
  • Roleg sykkeltur
  • Fjellturar
  • Strikking

Passiv kvile - Aktivitetar som ikkje krev fysisk anstrenging:

  • Stirre i peisen
  • Sitte stille og puste
  • Søve
  • Ettermiddagslurer
  • Ligge på sofaen
  • Sjå på TV eller lese ei bok

Ein god balanse mellom aktivitet, søvn og kvile har stor betydning for fysisk og psykisk helse. Det er lett å havne i ein vond sirkel der mangel på aktivitet og for mykje kvile gir auka trettheit på dagtid og dårleg søvn om natta. (1) Prøve aktiv kvile som eit kraftfullt verktøy for å motarbeide slitenheit og forsterke kognitiv funksjon. Ei oppskrift på ein friskare og gladare versjon av deg sjølv.

Referanser

(1) Fossbråten, L., Heir, W., Sørhøy, M. S., Haugan, V., & Schröder, M. (2021, March 15). Søvn og hvile. ndla.no. https://ndla.no/r/helsefremmen... 

(2) Telneset, M. (2023, August 24). Mental hvile krever selvdisiplin - Vekst Psykolog. Vekst Psykolog. https://vekstpsykolog.no/menta... 

(3) Gulbrandsen, M. M. (2024, August 12). Hva er aktiv hvile? Stressmestre. https://www.stressmestre.no/hv...

Vil du vite meir om rehabilitering?

Rehabilitering hjelper personar med å gjenvinne fysisk, psykisk og sosial funksjon etter sjukdom eller skade. Tilbodet inkluderer dag- og døgnopphald, med fokus på heilskapleg helse gjennom fysisk aktivitet, kosthaldsrettleiing og kognitive endringsprosessar. Målet er å auke livskvaliteten og funksjonsevna til kvar enkelt pasient.