Arbeid viktig for helsa

Arbeidsretta rehabilitering er ein unik og viktig tiltak for å hjelpe personar med helseproblem tilbake til, eller å stå i arbeid. I tillegg viser forsking at arbeidsretta rehabilitering er samfunnsøkonomisk på lang sikt fordi at det hjelper personar tilbake i arbeid (1,2,3). 

Arbeid er viktig for vår mentale og fysiske helse fordi du kan kjenne på og erfare meistring, glede og ha eit rikt sosialt liv med kjekke kollega. Jamn kontakt med arbeidsplassen viser seg å vere viktig for å gjere retur til arbeid enklare (4).  

Kva er unikt med arbeidsretta rehabilitering?

  • Målgruppe: Tilbodet er retta til personar mellom 18 til 67 år som står i fare for å bli eller har blitt sjukemelde, eller mottek arbeidsavklaringspengar grunna muskel- og skjelettsmerter eller vanlige psykiske diagnosar
  • Målsetting: Målet er å styrke og stabilisere arbeidsevne og meistring av eigen situasjon for stå i, eller kome heilt eller delvis i arbeid
  • Tilbod: Arbeidsretta rehabilitering finst som døgn-, dag-, og poliklinisk tilbod.
  • Heilskapleg tilnærming: Fokuset på tilbodet er heile mennesket – “kropp og sinn” – og alle faktorar som påverkar den enkelte, sett i samanheng.
  • Tverrfagleg team: Personane får hjelp av eit tverrfagleg team til å finne ut av «kvar skoen trykkjer» og kva faktorar som bidreg til at den enkelte har utfordringar som gjere det krevjande å vere i arbeid.Deltakaren vil saman med teamet arbeide for å finne løysingar. 
  • Aktiv deltaking: Arbeidsretta rehabilitering er ein kombinasjon av tiltak retta både mot helse og arbeid der deltakarane bidreg aktivt.
  • Samarbeid: Å stå i, eller å kome tilbake i arbeid er ein prosess som ofte involverer arbeidsgjevar, NAV, fastlege og ev. anna helsepersonell. 

Arbeidsretta rehabilitering er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel med deltaking i arbeidslivet som definert hovudmål

Kvifor er kognitiv terapi ein viktig del av behandlinga?

Ei ny forskingsoppsummering tyder på at kognitiv tilnærming bidreg til å redusere sjukefråvær og auke retur til arbeid. Effekten ser ein er størst når den kognitive terapien er jobbfokusert og når den er ein del av ei kompleks rehabiliteringsintervensjon (5). 

Kognitiv terapi kan hjelpe personar med å identifisere og endre destruktive eller forstyrrande tankeprosessar som har ein negativ innverknad på åtferd og kjensler. Terapien er forskingsbasert og kan nyttast til å behandle eit breitt spekter av diagnosar, inkludert angst, depresjon og stress. 

Kognitiv terapi verkar ved å hjelpe personen med å identifisere og å endre destruktive eller forstyrrande tankeprosessar som har ein negativ påverknad på åtferd og kjensler. Denne terapiforma fokusera på noverande utfordringar og korleis ein kan løyse desse. (6)

Her er nokon av årsakene til at kognitiv terapi er effektiv: 

Sjølvinnsikt: Terapien hjelp personen med å forstå korleis deira tankar og kjensler påverkar åtferd. Dette kan gi ei betre forståing av deira eigen psykiske helse. 

Problemhandtering: Kognitiv terapi gir personen verktøy for å handtere vanskelege situasjonar på en meir effektiv måte. 

Endring av tankeprosessar: Ved å lære å identifisere negative tankeprosessar, kan personen begynne å endre desse prosessane og dermed forbetre eiga psykiske helse. 

Førebygging av tilbakefall: Kognitiv terapi kan hjelpe personen med å forstå kva som utløyser symptom som kan bidra til å førebygge tilbakefall.

Effekt av arbeidsretta rehabilitering

Muritunet hentar inn data på pasientar før, under og etter rehabiliteringsopphald. Dette gir ei unik moglegheit til å kartlegge pasienten, seie noko om effekten av tilbodet på individnivå, men også kvalitetssikre tilbodet ved å sjå på resultat på gruppenivå. 

ARR FILM GIF.gif


Basert på Muritunet sin årsrapport 2023, “Arbeidsretta rehabilitering dagtilbod” viser vi til nokre interessante fakta (7): 

  • 89,7 % av pasientane på arbeidsretta rehabilitering rapportera at dei har vore sjukmeldt siste 12 månadane.  
  • Positiv endring i forventa retur til arbeid etter rehabilitering, med ein auke frå 12,2 % til 33,8 % som forventa å returnere til arbeid innan 2 veker etter rehabiliteringsopphaldet.   
  • Gjennomsnittleg arbeidsevne forbetra seg frå 4,4 til 5,9 på ein skala frå 0 til 10, der 0 er dårlegast tenkelege arbeidsevne, medan 10 er best tenkelege arbeidsevne.  
  • Nedgang skåre på Hospital Anxiety and Depression Scale (HADS) poeng frå 15,5 til 12,8, noko som indikerer ein forbetring i psykisk helse. 
  • Return to Work Self-Efficacy (RTWSE) viste ein betydeleg auke på 28,2 % i trua på eigen evne til å meistre jobb og jobbkrav. 
  • Helserelatert livskvalitet, målt med EQ-5D-5L, viste ein forbetring på 14,23 % på eigen helsetilstand, VAS-skåren. 

Funna indikerer ei generell forbetring i både arbeidsevne, psykisk helse og livskvalitet blant pasientane etter rehabilitering ved Muritunet i 2023, og er i samsvar med ei forskingsoppsummering frå Nasjonal kompetansenettverk for Arbeidsretta Rehabilitering (8). 

Referanse:

1. Gismervik SO, Aasdahl L, Vasseljen O, Fors EA, Rise MB, Johnsen R, et al. Inpatient multimodal occupational rehabilitation reduces sickness absence among individuals with musculoskeletal and common mental health disorders: a randomized clinical trial. Scand J Work Environ Health. 2020. 

2. Aasdahl L, Vasseljen O, Gismervik SØ, Johnsen R, Fimland MS. Two-Year Follow-Up of a Randomized Clinical Trial of Inpatient Multimodal Occupational Rehabilitation Vs Outpatient Acceptance and Commitment Therapy for Sick Listed Workers with Musculoskeletal or Common Mental Disorders. J Occup Rehabil. 2021 Mar 25. 

3. Aasdahl L, Fimland MS, Bjørnelv GMW, Gismervik SO, Johnsen R, Vasseljen O, Halsteinli V. Economic Evaluation of Inpatient Multimodal Occupational Rehabilitation vs. Outpatient Acceptance and Commitment Therapy for Sick-Listed Workers with Musculoskeletal- or Common Mental Disorders. J Occup Rehabil. 2023; 33, 463-472.  

4. Linge AD, Bjørkly SK, Jensen C, Hasle B. Bandura's Self-Efficacy Model Used to Explore Participants' Experiences of Health, Lifestyle, and Work After Attending a Vocational Rehabilitation Program with Lifestyle Intervention - A Focus Group Study. J Multidiscip Healthc. 2021 Dec 24;14:3533-3548. doi: 10.2147/JMDH.S334620. 

5. Gjengedal, R. G. H., Reme, S. E., Osnes, K., Lagerfeld, S. E., Blonk, R. W. B., Sandin, K., Berge, T., & Hjemdal, O. (2020). Work-focused therapy for common mental disorders: A naturalistic study comparing an intervention group with a waitlist control group. Work, 66, 657-667. 

6. Kognitiv.no - Hva-er-kognitiv-terapi.pdf  

7. Rapport Muritunet “Arbeidsretta rehabilitering dagtilbod” for 2023  

8. Arbeidoghelse.no - https://arbeidoghelse.no/forsk...