Auka arbeidsdeltaking 12 månadar etter rehabiliteringsopphald

Studien viser at deltakarar på rehabilitering har auka arbeidsdeltaking 12 månadar etter rehabiliteringsopphald. I tillegg viser studien at arbeidsdeltaking har samanheng med deira sjølvrapportert helse

Muritunet er levande opptatt av at våre rehabiliteringstilbod kan gi ei positiv helseeffekt. I tillegg veit vi at arbeidsdeltaking er viktig for vår fysiske og psykiske helse. Difor ønsker vi å dele resultat frå ein spennande multisenterstudie. 

I denne studien var Muritunet 1 av 17 rehabiliteringsinstitusjonar i prosjektet «RehabNytte» som såg på korleis rehabilitering påverkar arbeidsevna før og etter rehabilitering. Deltakarane i studien bestod av personar som lever med langvarig sjukdom som påverkar deira arbeidsevne. 

Studien viser at deltakarar på rehabilitering har auka arbeidsdeltaking 12 månadar etter rehabiliteringsopphald. I tillegg viser studien at arbeidsdeltaking har samanheng med deira sjølvrapportert helse. Eit anna interessante funn var at deltakarar innan yrker service, sal, omsorgsarbeidarar, handverk, maskinførar skårar lågare på arbeidsevne før rehabilitering enn andre rapporterte yrkesgrupper.

Konklusjonen viser at fokus på sjølvopplevd helse og smertebehandling i rehabilitering kan bidra til å auke arbeidsevne og føre til positiv påverknad på arbeidsdeltaking. Muritunet er glad for å kunne vise til at rehabilitering kan bidra til at fleire vende heilt eller delvis tilbake i arbeid.