Oppsummering av resultat av BRIDGE-programmet

374 pasientar med revmatiske sjukdom og muskelskjelettplagar deltok i ein der Muritunet var ein av åtte rehabiliteringsstadar som deltok. BRIDGE-studien undersøkte effekten av eit nytt rehabiliteringsprogram med søkelys på å skape ein kontinuerleg rehabiliteringsprosess mellom spesialist- og primærhelsetenesta

BRIGDE-studien

Formålet med studien var å undersøkje effekten av eit nytt og strukturert rehabiliteringsprogram, samt å måle og forbetre kvaliteten på rehabiliteringsforløp. 
374 pasientar deltok i studien. Desse trong rehabilitering i spesialisthelsetenesta på grunn av revmatiske sjukdommar og muskelskjelettplager. 

Åtte rehabiliteringsstader deltok i studien: Muritunet rehabilitering, Meråker Kurbad rehabiliteringssenter, Rehabilitering Vest, Valnesfjord Helsesportssenter, Vikersund Bad Rehabiliteringssenter, Revmatismesjukehuset på Lillehammer, Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus og Sørlandet sjukehus HF Arendal. BRIDGE-programmet var utvikla for å skape ein kontinuerleg rehabiliteringsprosess mellom spesialist- og primærhelsetenesta for pasientar med revmatiske sjukdommar og muskelskjelettplager.

Kort oppsummering av resultat

Pasientane som fekk BRIDGE-programmet hadde betring i resultatmåla sine frå innkomst til utreise, men det var ikkje signifikant meir betring enn det pasientane som fekk vanleg rehabilitering; betringa var stabil over tid etter utskrivelse.

Sjølv om BRIDGE-programmet førte til mindre variasjon i kvalitet mellom rehabiliteringsstader, var involvering av pårørande til pasienten, kommunale tenester og Nav framleis lågt. Pasientar treng tilstrekkeleg støtte for å etablera nye vanar og no rehabiliteringsmål, medan helsepersonell treng god organisering og opplæring for å halda oppe høg kvalitet på rehabiliteringstilbodet.

Framtidig forsking: Fokus på å utvikle nye metodar for å sikre at rehabiliteringstenester er samordna og tilgjengeleg lenge nok til å oppnå ønskt endring og betring i livet til pasienten.

Konklusjon

Kvaliteten på rehabiliteringstenestene vart høgare etter innføring av Bridgeprogrammet, men framleis trengst det innsats frå leiarar og klinikarar som sikrar at pasientane har relevant oppfølging lenge nok til at resultatmål blir nådde. 


Tilgang på individuelt tilpassa støtte i oppfølgingstida er avgjerande for at pasientane kan halda oppe framdrifta i justering og gjennomføring av helsefremjande rehabiliteringstiltak.