Muritunet har deltatt i eit forskingsprosjekt som utforskar bruken av VR (Virtual Reality) i rehabilitering. I samarbeid med Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, har Muritunet, leia av Anita og Anniken frå FOU-avdelinga, bidratt til forskinga som har resultert i artikkelen «Virtual Reality Gaming in Occupational Rehabilitation - User Experiences and Perceptions»
Av Anita Dyb Linge, FoU-leiar, Muritunet
Først publisert: Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering
Lenke til artikkel: VR ga symptomlindring, glede og mestringeid og helse
Korleis opplever dei som deltek i arbeidsretta rehabilitering VR-briller? Dette er temaet for ein ny, kvalitativ studie. Det korte svaret er at VR (Virtual Reality) har stort potensial – og kan gi både symptomlindring, glede, meistring og auka kognitiv tilstedeværelse.
VR-briller har blitt brukt mykje på rehabiliteringsfeltet, men er framleis eit relativt uutforska område innan arbeidsretta rehabilitering. Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Flekke samt Muritunet avdeling Valldal og Moa har derfor initiert eit forskingssamarbeid.
Hensikta var å undersøke pasientane sine erfaringar og opplevingar med bruk av VR-briller i arbeidsretta rehabilitering.
Studien involverte totalt 15 pasientar, der fem pasientar vart rekruttert frå kvart av dei nemnde sentra. Datainnsamlinga vart gjennomført ved hjelp av intervju rett før eller etter at pasientane vart skrivne ut frå rehabiliteringsopphaldet. Datamaterialet vart analysert ved hjelp av systematisk tekstkondensering.
Funna indikerer at VR-trening kan vere ei kraftfull og ny oppleving som skil seg frå tradisjonelle rehabiliteringsmetodar. Ved å skape eit fokus på ‘her og no’, kan VR-trening gi ein meir motiverande og effektiv rehabiliteringsprosess. Dette kan vere spesielt nyttig for pasientar som har utfordringar med å halde seg motiverte gjennom vanleg trening.
Pasientane rapporterte også om auka kognitiv tilstedeværelse og mentalt fokus etter VR-aktiviteten. Dette auka fokuset kan ha positive effektar på arbeidsevne og dagleg funksjon. Ved å betre kognitiv funksjon, kan VR-trening bidra til ei meir heilskapleg rehabilitering som tek opp både fysiske og mentale aspekt.
VR-teknologi representerer ei spennande og ny tilnærming i arbeidsretta rehabilitering. Funna frå studien viser at VR er ei motiverande aktivitet som forbetrar fokus og gir symptomlindring, glede og meistring.
Framtidig forsking bør fokusere på korleis VR kan kombinerast med andre rehabiliteringsmetodar på ein måte som gir størst mogleg utbytte for pasienten.
Linge, A. D., Øyeflaten, I., Johansen, T., Helle, T. U., Jensen, C., Hole, A. H., & Jepsen, R. (2024). Virtual Reality gaming in Occupational Rehabilitation - User experiences and perceptions. Journal of Multidisciplinary Healthcare, Volume 17, 5139–5149. https://doi.org/10.2147/jmdh.s...
Lien, G. (2024, December 10). Ny forskning: VR ga symptomlindring, glede og mestring. Arbeid Og Helse.
I samarbeid med:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter