Har du nyleg fått diagnosen KOLS eller ein annan lungesjukdom? Då har du sikkert mange ubesvarte spørsmål.
Vi har intervjua spesialist i indremedisin og lungesjukdomar, Erik Dyb Liaaen, ved Ålesund Lungeklinikk. Han har tidlegare jobba ved Molde sjukehus, St. Olavs hospital og har vore seksjonsoverlege ved lungeseksjonen på Ålesund sjukehus. Nedanfor får du svar på spørsmål om lungene, lungesjukdom, symptom og årsaker til sjukdomsutvikling.
Vi har to lunger, ei på kvar side av brystet? Lufta går inn og ut av lungene gjennom luftrøret, som deler seg til høyre og venstre lunge, og forgreiner seg som et tre i bronkiene. Lufta går videre til lungeblærene, der oksygenet blir tatt opp i blodet, og blodet kvitter seg med CO₂, som er et avfallsstoff fra kroppen. Den viktigste jobben til lungene er å skaffe oksygen til blodet og fjerne CO₂.
Vi skil ofte mellom sjukdom i luftrøyret, bronkiane og lungevevet. Vi har også sjukdomar som påverkar lungehinna utanpå lungene. Problem kan oppstå i alle desse delane, noko som kan gi ulike symptom. For eksempel kan astma og KOLS gjere at luftvegane blir tronge, betente og irriterte, som gjer det tungt å puste. Andre sjukdomar som lungefibrose og lungebetennelse påverkar lungevevet, slik at lungene ikkje kan utføre jobben sin. Lungebetennelse kan påverke ein liten del av lungene og gi symptom som feber og hoste, men ikkje nødvendigvis store pusteproblem. Alvorleg, tosidig lungebetennelse kan derimot gi store pusteproblem.
Den vanlegaste sjukdomen vi behandlar er KOLS, som oftast skuldast røyking, men kan også kome av eksponering på jobb. Ny forsking viser at tidlege livshendingar, som i nyfødd- og barndom, kan påverke lungefunksjonen seinare i livet. Nokre pasientar får KOLS utan å ha røykt eller hatt ein skadeleg jobb. Dette kan skuldast kronisk astma som ikkje har vore godt nok behandla, eller sjeldnare, arvelege former. Nokre gonger finn vi ikkje nokon spesifikk årsak. Det er viktig å førebyggje og oppdage KOLS tidleg for å bremse utviklinga. For å førebyggje, må ein unngå røyking. For dei som har røykt lenge, er det viktig å få målt lungefunksjonen hos legen.
Obstruktive lungesjukdomar inneber at luftvegane, som luftrøyret og bronkiane, er tronge. Dette kan skyldast hevelse, slim eller kroniske forandringar, noko som gjer det tyngre å puste. Luftvegane har musklar som kan trekke seg saman, som ved astmaanfall, men medisinar kan hjelpe til med å opne dei opp. Restriktive lungesjukdomar betyr at lungene ikkje kan utvide seg normalt. Dette kan vere fordi lungene har blitt stive, for eksempel ved lungefibrose, der arrvev erstattar det normale lungevevet. Årsaka kan også vere utanfor lungene, som ved skeiv brystkasse eller muskelsjukdommar, som gjer at brystkassa ikkje kan utvide seg som ho skal. Kort sagt, obstruktiv betyr noko trongt, medan restriktiv betyr noko stivt.
Ålesund Lungeklinikk er ein spesialistpraksis innan lungesjukdomar og indremedisin. Vi er avtalespesialistar med driftsavtale med Helse Midt-Norge, og tilbyr spesialisthelsetenester. Pasientar må ha tilvising frå lege for å få time, vi prioriterer utifra problemstilling og alvorlighetsgrad. Vi har mange pasientar med KOLS og astma, samt sjeldnare interstitielle lungesjukdomar. Vi driv også med utgreiing av symptom som tungpust, hoste, og allergi, som ofte heng saman med astma.
Pasientane våre har gjerne symptom frå luftvegane, som hoste, slimproblematikk, tett og tung pust, pipande pust, og tungpust ved anstrengelse. Desse er dei vanlegaste symptoma når lungene ikkje fungerer som dei skal.
Vi gjer respirasjonsfysiologiske undersøkingar for å måle lungekapasiteten og evna lungene har til å gjere jobben sin. Dette inkluderer måling av luftstraum inn og ut av lungene, lungestorleik og oksygenopptak. Vi bruker også testar som kan vise teikn til betennelse i luftvegane, både blodprøver og pusteprøver. I tillegg måler vi oksygenmetninga i blodet, tar funksjonstestar og kan provosere fram symptom for å sjå om pasienten har unormal hyperreaktivitet som ved astma. Vi gjer også vanlege kliniske undersøkingar, som å lytte på pasienten, måle blodtrykk, ta EKG og måle høgde og vekt om nødvendig.
Røyking gir hovudsakleg varige, irreversible skadar, men nokre forandringar kan gå tilbake. Det første teiknet på skadar på lungene er ofte bronkitt med hoste og slim, kalla røykhoste. Dette kjem av betennelse og irritasjon frå stoffa i røyken. Viss ein sluttar å røyke, kan dette bli betre. Ved langvarig røyking kan det oppstå kroniske forandringar som ikkje går tilbake. Det er to hovudtypar skadar: Kronisk betennelse og tronge luftvegar, som gjer det tyngre å puste, og skadar i lungevevet, der små lungeblærer kan bli øydelagde og smelte saman til større blærer, kalla emfysem. Dette reduserer overflata og gjer det tyngre å puste.
For dei med alvorlege sjukdomar er det ofte utfordrande å leve det livet dei ønskjer. Mange ønskjer å vere aktive, men blir hindra av kroppen. Utfordringane varierer mykje mellom pasientar, nokre har ofte infeksjonar og mykje slim, medan andre har tungpust og hoste.
Det viktigaste er å få rett diagnose og tilpassa behandling. Feil diagnose kan føre til feil behandling og forverring. Med rett behandling kan pasientar med til dømes astma få nesten normal lungefunksjon. Ein pasient eg kjenner, har gått frå lungefunksjon på under 40 % til 87 % med moderne astmabehandling. Han har blitt veldig opptatt av trening og har opplevd dramatisk betring. Det viser kor viktig fysisk aktivitet er, sjølv om ein har lungesjukdom.
Behandling av lungesjukdomar inkluderer medisinar og tiltak ein kan gjere sjølv, som å slutte å røyke og drive fysisk trening. Alle med lungesjukdomar bør fokusere på trening. Eg henvisar også personar til rehabilitering. Det er også viktig å førebyggje infeksjonar gjennom vaksinering og å ha eit godt kosthald.
Kjelde: Erik Dyb Liaaen
Rehabilitering passar både for pasientar med nyoppdaga lungesjukdom og dei som har levd med det i lengre tid. Lungepasienter med samansatte helseutfordringer. Vaksne pasientar med lungesjukdom som; KOLS, Astma, lungesarkoidose, lungekreft eller bindevevssjukdommar i lungene.