Korleis bidra til betre arbeidsmiljø?

Vi spurte tilsette på Muritunet «Korleis bidra til ein kjekk arbeidsplass?» Resultatet er samla i eit bilde

Arbeidsmiljø - Muritunet _1_.png

For deg som er tilsett:

Er du bevisst på korleis du kan bidra til å eit betre arbeidsmiljø? Last ned denne Bedre arbeidsmiljø - plakaten skrive ut og henge opp på din arbeidsplass. Du kan aktivt bidra med å skape ein god dag for deg sjølv og andre. Hugs at negativitet skapar meir negativitet. 

Eit godt psykososialt arbeidsmiljø er noko vi trur alle ønsker på sin arbeidsplass. Det bidrar til auka trivsel, helse og motivasjon. For verksamheita kan eit godt psykososialt arbeidsmiljø bidra til lågare sjukefråvær, auka produktivitet og lønnsamheit.

Start gjerne med å stille avdelinga di desse spørsmåla: Arbeidsark.pdf. Ved å stille kvar enkelt eller ei gruppe spørsmål som “kva ønskjer dei meir av”, kan du få svar som: “Vi ønskjer fleire sosiale samankomstar, meir avklarte oppgåver og ein synleg leiar.”

Hugs alle kan bidra til betre arbeidsmiljø! 


For deg som er leiar: 

For deg som er leiar for ei avdeling eller bedrift har vi lagar nokon hugsereglar som kan hjelpe deg Tips til leierar.pdf. Det er ikkje lett å vite kva som skal til. Likevel er det noko som er viktig som du kan bli bevisst på og øve på.

  • Vere synleg i lunsjar og på arbeidsplassen
  • Tydeleg ansvarsfordeling og klarheit rundt oppgåver
  • Ta nødvendige og utfordrende samtaler

Hugs alltid å bygg, skape og betre: 

Tips til leierae.png
  • Kommunikasjon
  • Tydelegheit
  • Tilhøyrsle
  • Tryggleik
  • Kultur

Førebygging og oppfølging av sjukefråvær er noko ein skal ta på alvor

Ein god måte å starte er å stille spørsmål til tilsette

  • Kva vil det seie å kjenne på tilhørigheit her hos oss?
  • Kva og når kjenner vi på sjølvrealisering?
  • Når kjenne du på verdigheit i din jobb?