Korleis opplevast utmatting og kva tiltak er anbefalt?

Mange av våre pasientar på rehabilitering har utmatting som tilleggsdiagnose. Dette er personar som har ein eller fleire av desse symptoma:

  • Nedsett merksemd og konsentrasjon 
  • Vanskar med å handtere mange inntrykk på ein gong 
  • Vanskar med å halde fokus 
  • Vanskar med å skifte og dele fokus 
  • Langsam tankegang 
  • Lett stressa 
  • Irritabel –kort lunte 
  • Lys- og lydømfintleg 
  • Dårleg søvn 

Er symptoma gjenkjennelege? Utmatting påverkar fysisk og mentalt, utan synlege symptom. Dessverre møter mange med utmattingssyndrom lite forståing frå personar rundt. Den usynlege sjukdommen gjer det enkelt for andre å stille spørsmålsteikn til personens truverdigheit.

I tillegg kan kvardagen tvinge fram ei identitetskonflikt, fordi kven ein var før sprikar frå kven ein er i dag.

Aukande førekomst av utmatting 

Kor mange personar som slit med utmatting i Norge i dag veit vi faktisk ikkje. Talet aukar, men nøyaktig kor mange som leve med sjukdommen er usikkert. Forskning.no har laga ei grafisk framstilling frå ulike studiar dei siste åra. Les artikkel hvor mange har ME i Norge

Kvifor balanse er viktig for dei med utmatting og for folk flest? 

Livet består av nødvendige gjeremål, relasjonar, arbeid, hus og heim. I tillegg til sine eigne behov, som tid med venner, åleinetid eller hobby. Du kan fort gå på ein “smell” dersom det er ubalanse mellom aktivitet som gir og stel energi. Friske personar har normalt ikkje noko problem med å hente seg inn. Dessverre tar det unormalt lang tid å hente seg inn igjen for dei med ME. 

Mange som lever med utmatting redusera talet grøne aktivitetar fordi dei tenkjer dei må hjelpe familien i heimen eller bidra på jobb. Dersom personar med utmatting brukar opp batteriet på raude gjeremål, fører det til mindre overskot til energigivande aktivitetar. Som igjen kan påverke livskvaliteten negativt. 

Viktig med struktur og planlegging:  

Ein anna viktig faktor er struktur og planlegging. Mange med ME og utmatting er sjukmeldt. Rutine, jobb og sosialliv fell vekk. Gjenoppretting av gode rutine er avgjerande for å energiregulere kvardagen. Ein vekeplan eller ein tabell som kategorisera gjeremål som viktig, hastar eller mindre viktig kan hjelpe til å prioritere gjeremål.  

Ei øving kan vere å skrive opp raude og grøne aktivar på eit ark. Det vil gi betre sjølvinnsikt slik ein betre kan ta gode val i framtida. Planlegging er ein god idè fordi det gjer at ein tar færre val i løpet av dagen.  

Gode verktøy for struktur og planlegging: 

  • Raude og grøne aktivitetar: (last ned her)
  • Vekeplan: (last ned her)
  • Trappetrinnsmodellen 
  • Kognitiv diamant
  • Karteggingsskjema 
  • Biopsykososiale modell 

Vi tenkjer ein stad mellom 12.000 til 60.000 tankar og tar monge val kvar dag. Nokon val kan vi med fordel hjelpe hjernen å ta. Eit eksempel kan vere at du bestemmer deg på førehand;  

  1. Når eg står opp, skal eg drikke te og lese bok 
  2. Når eg lagar middag, skal eg kvile ein halvtime etterpå 
  3. Kvar måndag kl. 11:00 går eg tur uansett vèr 

Utfordrande å snakke om endring  

Ønskjer ein forandring, må ein gjere noko annleis. Om det har gått år utan betring, må den med utmatting spørje deg sjølv; Fungera det eg gjer i dag? Ønsker eg betring? Er eg open for forandring? Er eg villig til å gjere noko annleis?  

Det er ikkje lett å vite korleis ein skal snakke med personar med ME-diagnose og utmatting om aktivisering og endring. Spesielt visst personen har opparbeida seg låse tankemønster som i lista under.  

Kjenner du igjen desse eksempla frå personar med utmatting?  

  • Eg kjem aldri til å orke/klare det 
  • Eg må kvile meg frisk 
  • Dei andre forstår ikkje korleis eg har det 
  • Kroppen treng kvile når eg er så sliten 
  • Eg ventar til utmattelsen/smertene forsvinn 

Dette er haldningar som bidrar til å bremse betring og framgang.  

Eksempel på tankar som kan vere med på å fremme utmatting 

  • Eg er egoistisk visst eg prioriterer meg sjølv 
  • Eg må berre ta med saman 
  • Pause og kvile er latskap 
  • Vist eg ikkje gjer ting 100% er eg mislykka 
  • Det skal ikkje gå utover andre at eg er sjuk 

Det som manglar i lista over er hensyn til seg sjølv og sine behov. Gløym aldri at ein må hjelpe seg sjølv før ein kan hjelper andre. Det er nesten som på fly, ein må ta på oksygenmaska først før ein hjelp andre.  

Kva er årsaka til utmatting?

Hovudårsaken til utmatting er at hjerna ikkje filtrerar ut uviktige stimuli. Manglande filtrering av sansestimuli føre til overstimulering, personern blir sliten, mister fokus og fell ut.

Sanseinntrykk.png

Det er mange spørsmålsteikn kring utmatting og forskinga har ikkje kome langt nok. Det er ingen tvil om at det er krevjande og slitsam for den som opplever utmatting sjølv og for pårørande som ikkje veit kva dei skal gjere for å hjelpe.  

Husk det finnast hjelp for personar med utmattingsyndrom og ME, fleire rehabiliteringssenter har lang erfaring og metodar for auka livskvalitet og betring.  

Kjelde:  

Tina Fuglem – Ergoterapeut hjå Muritunet 

Føredragshaldarar “Å leve med usynlege vanskar i hverdagen” 25.09.23 : Gro Hafstad Tynning, Jorunn Ellingsen, Ruth Else Mehl, Trine Lise Hansen, Sigrun Tolo 

https://www.forskning.no/me-sy...  

https://nhi.no/sykdommer/psyki...  

https://www.me-foreningen.no/o...