Kven kan ha rett på rehabilitering?

Om du vert sjuk, får ein sjukdom, eller får ein skade som vedvarer over tid og du opplever eit fall i korleis du fungerer i kvardagslivet, kan du ha rett på rehabilitering.

I følgje lovdata og på helsenorge har du rett på rehabilitering:

  • Når ein har fått eit funksjonsfall
  • Ved behov for reduksjon av smerte, fysisk eller psykisk ubehag
  • Ved behov for tverrfagleg oppfølging
  • Ved forventa nytte av rehabiliteringa

Kva helsegevinst kan du forvente av rehabilitering?

Pasientane på Muritunet rapporterar auka livskvalitet, funksjonsevne og meistring etter rehabiliteringsopphald. Helsegevinsten er avhengig av kva målet ditt er. Nokon kan ha eit mål om tilbakevending til arbeid, medan andre har som mål å komme seg opp trappa heime. I utgangspunktet har rehabilitering som mål å hjelpe deg med å betre di fysiske-, psykiske- og sosiale helse slik at du meistrar kvardagen. Helsegevinsten er avhengig av eiga evne til å oppretthalde og bygge vidare på det du har lært.

Ulike rehabiliteringar

Det finnast ulike rehabiliteringar for menneskjer med ulik sjukdom og utfordringar. Døme på rehabiliteringstilbod er f.eks lunge- og kreftrehabilitering eller rehabilitering for deg som treng hjelp til livsstilsendring. Rehabilitering kan treffe mange målgrupper, også deg som er sjukmeldt på grunn av mentale utfordringar. Forskjellen på dag- og døgnrehabilitering er at på døgnrehabilitering bur ein på institusjonen medan ein får rehabilitering. Dag- og poliklinisk tilbod er eit dagtilbod der ein reiser til og frå behandling. 

Kva er forskjell på behandling og rehabilitering?

Vi får ofte spørsmål om kva som er forskjellen på behandling og rehabilitering. Hovudforskjellen er at på rehabilitering er det mange faggrupper som jobbar saman for at vi skal hjelpe deg med dei måla som du ønskjer å oppnå. Behandling er gjerne fysioterapi som hjelper deg med å trene opp igjen funksjonen. Rehabilitering er mykje meir komplekst, her jobbar vi meir heilskapleg over tid. 

Fleire faggrupper arbeidar saman

Eit tverrfagleg team består av forskjellige yrkesgrupper som jobbar saman for å nå ditt mål. Eit tverrfagleg team kan bestå av til dømes lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og psykolog, alt avhengig av kva du har behov for.

TAnita.jpg

Kva er innhaldet på rehabilitering?

Når du er på rehabilitering deltek du gjerne på ulike aktivitetar. Det kan bli jobba med kosthald og kognitive endringsprosessar for å kunne endre livsstil. I tillegg vil du få undervisning om sjukdom og eventuelt bruk av medisin. Samtalar med primærkontakt samt fysisk aktivitet som styrketrening, spinning eller turar er ofte ein del av kvardagen på rehabilitering. Innhaldet på rehabiliteringa blir tilpassas din kropp og helse. På rehabilitering vil du få hjelp til å sjå samanhengen mellom tankar, kropp og følelsar. 

Arbeid er ein viktig del av rehabilitering

Arbeidsdeltaking er gjerne ein del av målsettinga for rehabiliteringsopphaldet. Arbeid er viktig for helsa og om du er sjukmeldt kan faggrupper i samarbeid med deg, arbeidsgivar vurdere kva ein kan gjere for at du kan arbeide gradert, bytte arbeidsoppgåver eller om det er best å bytte arbeidsplass. Arbeid blir tatt med i rehabiliteringsprosessen fordi arbeid har vist seg å vere positivt for å oppretthalde gode vanar og rutiner.

DSC_0929.jpg

Er rehabilitering noko for deg?

Oppsumert er rehabiliteriong fleire faggrupper som jobbar saman for at du skal kunne auka funksjonsnivået ditt og betre di helse. Om du kjenner du trenger hjelp til endring og har behov for rehabilitering kan du gå til fastlegen din og fortelje kva du har behov for. For deg som skal til Muritunet, må fastlegen din sende søknaden til henvisningskontoret i Levanger. 

Kvar kan ein få rehabilitering?

Rehabilitering kan gjerast anten i kommunen eller i spesialisthelsetenesta som Muritunet. Døgnrehabilitering i Valldal, eller dag- og poliklinisk tilbod på dagavdelinga på Moa i Ålesund.

Liste over rehabiliteringstilbod i regionen:

Private rehabiliteringssenter:
Betania Malvik - Trøndelag
Falck Helse - Trondheim
Friskgården - Trøndelag
Kastvollen Rehabiliteringssenter - Inderøy
Meråker Sanitetsforenings Kurbad
Muritunet
 - Sunnmøre
Namdal Rehabilitering - Høylandet
Selli Rehabiliteringssenter - Klæbu
Treningsklinikken - Trondheim
Unicare Coperio - Trondheim og Levanger
Unicare Helsefort - Indre Fosen
Unicare Røros- Røros

Offentlege tilbod:

Helse Møre og Romsdal - Helse i arbeid
Helse Nord-Trøndelag - Fysikalsk medisinsk poliklinikk
Sjukehuset Levanger - Allmennpsykiatrisk poliklinikk og jobbmestrende oppfølging
St. Olavs hospital - Arbeidsretta behandling
Tiller DPS
Rehabiliteringsklinikken - Tverrfagleg poliklinikk rygg, nakke og skulder

Har du fleire spørsmål kring rehabilitering, ta kontakt med oss på 70 25 83 00 

Vil du lese meir?