Kvifor styrketrening er viktig for eldre?

Du har kanskje sett korleis eldre rundt deg gradvis vert dårlegare til beins og daglege gjeremål vert vanskelegare å utføre.

Når du har passert 40-50 årsalderen skjer det normalt ein gradvis reduksjon av muskelmasse og muskelstyrke. Forsking tyder på at muskelstyrka kan avta med 15 % per tiår etter fylte 50, og 30 % per tiår etter fylte 70. Sjølv om ein ikkje kan stoppe aldringa, så kan styrketrening vere med på å redusere tapet av muskelstyrke og bidra til ein betre alderdom. 

For å stimulere til auka muskelstyrke må motstanden vere tung nok slik at ein klarer å gjennomføre 6-12 repetisjonar i ein serie, og det bør gjennomførast 3 seriar per øvelse. Dette bør gjentakast i 2-3 økter per veke. Hovudfokuset bør vere beinøvelsar, då vi brukar beina mest ved gjennomføring av daglege gjeremål. 

Synes du det er vanskeleg å vite kor du skal byrje, kontakt til dømes ein fysioterapeut for tilrettelegging av øvelsar som passar din helsesituasjon.

Kjelde: Raastad, T. et al. 2010. «Styrketrening og aldring». I Styrketrening i teori og praksis, redigert av Knut Lie og Bjørn Brandser, 175-183. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag