Langvarig stress kan påverke arbeidsdeltaking

Langvarig stress av ulike grunnar, vert hyppig rapportert blant deltakarar på arbeidsretta rehabilitering. Det er ikkje eit mål å fjerne stress fullstendig frå kvardags- og arbeidslivet men heller finne ut kva det handlar om for den enkelte og korleis best mogleg handtere belastningane sine.

Korleis Muritunet arbeidar med stressmestring?

Ein god stressrespons som handterer ein gitt situasjon, er nyttig for utvikling og følelse av meistring. Stress som varer ved over tid og som kjennes uhandterleg, kan derimot gi både fysiske og psykiske helseplager med fare for å falle ut av arbeidslivet.  

I møte med teamet på Muritunet vert det jobba med å identifisere kva som påverkar eiga stressoppleving, både av indre og ytre faktorar. Gjennom undervisning, samtalar og eigen refleksjon blir deltakarar styrka til å finne sine eigne ressursar og korleis påverke sin eigen situasjon.  Meistringstru er viktig for å handtere stress. Via ulike aktivitetar, søker vi å skape opplevingar av meistring for den enkelte. Det styrker sjølvbildet, noko som også kan auke toleranse for stress.  

I temasamlingar basert på kognitiv metode, gis det kunnskap om ulike verktøy for sjølvhjelp som bidrag til god framtidig stressregulering.  

I tillegg vert både gruppetimar og individuell oppfølging brukt til å bli kjent med verktøy til å redusere stressreaksjonar i kropp. Kva som fungerer best, er individuelt. Gode alternativ kan være auka fysisk aktivitet og naturopplevingar i balanse med restitusjon via avspenning og roleg pust.    

Nedsatt hukommelse og konsentrasjon

Langvarig stress påverkar også kognitiv funksjon som hukommelse og konsentrasjon med nedsett arbeidsevne som konsekvens. Derfor vert det lagt opp til å øve på fokus, merksemd og nærvær når det er behov for det. Dette kan gjerast på mange måtar frå ulike fysiske øvingar av merksemd til å spille VR, og ikkje minst øve på å gjere ein ting av gangen.  

Stabil arbeidsevne gir oppleving av meistring og livskvalitet og påverkar helsa vår positivt.  

Kjelde: https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/stress-og-mestring