Meir innsikt og mindre smerte

I rehabiliteringsfeltet ser vi hovud og kropp i samanheng, fordi det fysiske og psykiske er tett knytt saman. Fleire av våre pasientar reiser frå rehabilitering med meir kunnskap, innsikt og forståing for eigen helse og kropp, noko som kan bidra til å løyse flokar og betre livskvaliteten, sjølv for dei med langvarige smerter.

For å forstå korleis personar med langvarig smerte kan få det betre, må vi dykke litt inn i kva smerte er og korleis det påverkar kroppen. Mange av dei som kjem på rehabilitering for smerter på Muritunet, har sjukdommar i muskel-, skjelettsystemet og bindevev. Om lag 12,8 % rapporterer at dei har psykiske lidingar, og 57,4 % av pasientane rapporterer dårleg søvnhygiene. (6) 

Kva er smerte?

«Smerte er ei oppleving og eit symptom. Korleis smerte oppfattast er subjektivt. Det vil seie at det berre er den personen som opplev smerta, som kan vite korleis det kjennast.» (1) Smerte kan oppstå som følgje av skade, eller fordi kroppen oppfattar signal som fører til smerte. Personar kan ha smerte utan at legar finn noko gale med verken nervesystemet eller der dei har vondt. Smerte kan føre til meir smerte, så det er viktig at smertefulle tilstandar blir undersøkte slik at ein kan gjere noko med det. (2) 

Årsaker til smerte

• Muskel- og skjelettplager
• Ulykke eller skader
• Trykk på nervar eller betennelse i nervesystemet
• Artrose, artritt, leddgikt eller andre sjukdomar
• Ukjent årsak

Tre steg til mindre smerte

1. Søvn: Forbetring av søvnkvalitet kan vere ein effektiv strategi for å redusere smerte
2. Bevisstgjering: Å endre tankemønster og auke bevisstheita om smerte kan også bidra til smertelindring
3. Fysisk aktivitet: Regelmessig fysisk aktivitet kan redusere smerte og betre funksjon

Søvn: 

Dårleg søvn gir meir smerte, og smerte gir dårlegare søvn. Mange med langvarige smerter har søvnproblem. Dårleg søvn aukar smertefølsomheita, og kronisk smerte kan forstyrre søvnen. Dette skaper ein ond sirkel der dårleg søvn og smerte forsterkar kvarandre. Heldigvis kan betre søvnhygiene redusere smerte og gi ein betre kvardag.  (4) 

57,4 % av pasientane på langvarig smerte-rehabilitering på Muritunet rapporterer dårleg søvnhygiene
 

Forklaring: Skåringsnøkkel for søvnhygiene er (Mastin et al. 2012): (6)
1. Under 26 poeng = god
2. Mellom 27 til 34 poeng = normal 
3. 35 poeng og over = dårleg. 

Bevisstgjering

Ved å endre tankemønster og forståing for eigen smerte, kan ein oppnå betre smertelindring og livskvalitet. Smerte kan lagrast i hjernen, som kan sende ut smertesignal sjølv etter at kroppen har leget seg. Vedvarande smerte kan ofte skuldast at hjernen tolkar signal som smerte, sjølv etter at skaden er leget. (3) 

Dette kan skje på grunn av:
Frykt: Pasientar kan utvikle frykt for at smerte betyr skade
Feiltolking av smerte: Hjernen kan feilaktig tolke normale signal som smertefulle
Nevral plastisitet: Langvarig smerte kan føre til endringar i hjernens struktur og funksjon

Betydeleg og varig smertelindring kan oppnåast ved å endre pasientens oppfatning til at smerte er ein ufarlig hjerneaktivitet. Studiar tyder på at vedvarande smerte ofte kan vere meir knytt til korleis hjernen tolkar signal enn til faktisk vevsskade. Kognitive verktøy og bevisstgjering kan spele ei viktig rolle i å redusere smerter hos personar med langvarige muskel- og skjelettplager. (3) 

Fysisk aktivitet 

Fysisk aktivitet kan styrke musklar og ledd, redusere belastninga på smertefulle område og styrke kroppens fysiske funksjon. Det kan også redusere smerte ved tilstandar som osteoartritt, revmatoid artritt, fibromyalgi og ryggsmerter. Trening frigjer endorfiner, kroppens naturlege smertestillande middel, og kan redusere smerteopplevinga. I tillegg kan trening og pusteteknikkar redusere spenningar og smerte. (5) Meir om effekten av fysisk aktivitet? Les artikkelen Ingenting kan erstatte den positive effekten av fysisk aktivitet 

Fem positive effekter av trening ved smerter:

• Forbetre blodsirkulasjonen
• Styrke musklar og ledd
• Frigjere endorfiner
• Redusere stress
• Auka bevegligheit

Bevegelsesfrykt kan forsterke smerte

Bevegelsesfrykt, eller frykt for å bevege seg på grunn av smerte eller skade, er vanleg og uheldig for dei med langvarig smerte. Frykt for fysisk aktivitet kan redusere funksjon, svekke musklar og auke risikoen for andre helseproblem. Sidan fysisk aktivitet er viktig for å redusere smerte, kan bevegelsesfrykt forverre smerteopplevinga og skape ein ond sirkel. Difor rår vi til å vere så fysisk aktiv som mogleg. (5) 

Eksempel på bevegelsesfrykt: (desse erfaringane illustrerer korleis kroniske smerter kan føre til frykt for bevegelse og redusert livskvalitet)

  • Eg har hatt fleire tilfelle av prolaps i ryggen, og eg veit at viss eg løftar tungt, kjem smertene tilbake. 
  • Hoftene mine er så slitne at eg ikkje kan gå lange avstandar. 
  • Eg har skjev rygg og kroniske smerter i bekkenet, så eg kan nesten ikkje delta i fysiske aktivitetar.
  • Skuldrene mine har vore stive i mange år, og viss eg prøver å røre dei, blir smertene verre.
  • Eg har hatt kjevelåsning fleire gonger når eg har ete, så eg tør ikkje tygge hard mat.

Modellen nedafor viser at pasientane har liten eller ingen endring i bevegelsesfrykt ved ankomst og avreise. Likevel opplever behandlarane på Muritunet at pasientane tør meir, meistrar meir, og utfordrar seg sjølve ved å skyve grensene for kva dei trudde var mogleg.

Forklaring: Ved rehabilitering for langvarige muskelsmerter vurderer pasientane si eiga frykt for bevegelse eller skade. Skalaen går frå 13-52, der høgare score indikerer større bevegelsesfrykt.

Betring av helse

Smerte er svært komplekst, og årsakene varierer. Psykiske belastningar og langvarig stress kan oppretthalde smerte og spenningar i kroppen. For personar med smerte er det viktig å bli tatt på alvor og få hjelp. 

Muritunet ønskjer å hjelpe deg til ein betre kvardag, uansett utgangspunkt. Du kan ha smerter i rygg eller nakke, ha opplevd utbrentheit, vore utsett for ei ulykke, eller fått ein sjukdom. Vårt mål er å betre helsa di saman med deg. 

For pasientar med komplekse og langvarige smerter ser vi ei betring på 9,13 % i sjølvopplevd helse frå ankomst til avreise. 

Forklaring: Pasientane scorar seg også på ein VAS-skala der personen angir sin eigen helsetilstand. VAS-skala skalaen går frå 0-100, der 0=den dårlegaste helsa du kan tenke deg, og 100=den beste helsa du kan tenke deg (6) 

Ønskjer du betre helse og har komplekse og langvarige smertetilstandar i musklar og ledd? Vi tilbyr spesialisert rehabilitering tilpassa dine behov.

Referanser: 

(1) Smerte- et symptom, en sykdom og en diagnose. (n.d.). Oslo Universitetssykehus HF. https://www.oslo-universitetss...

(2) Langvarig smerte. (2023, March 14). Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/he/folkehel... 

(3) Ashar, Y. K., Gordon, A., Schubiner, H., Uipi, C., Knight, K., Anderson, Z., Carlisle, J., Polisky, L., Geuter, S., Flood, T. F., Kragel, P. A., Dimidjian, S., Lumley, M. A., & Wager, T. D. (2021). Effect of Pain Reprocessing Therapy vs Placebo and Usual Care for Patients With Chronic Back Pain. JAMA Psychiatry, 79(1), 13. https://doi.org/10.1001/jamaps... 

(4) Medic, G., Wille, M., & Hemels, M. (2017). Short- and long-term health consequences of sleep disruption. Nature and Science of Sleep, Volume 9, 151–161. https://doi.org/10.2147/nss.s1...

(5) Physical activity and exercise for chronic pain in adults: an overview of Cochrane Reviews Louise J Geneen 1, R Andrew Moore 2, Clare Clarke 3, Denis Martin 4, Lesley A Colvin 5, Blair H Smith 1 Physical activity and exercise for chronic pain in adults: an overview of Cochrane Reviews - PubMed (nih.gov) 

(6) FoU årsrapport: 2023, Muritunet: «Kronisk Muskel- og Blautdelssmerte», Team 2, Andrea Haberberger, Anita Dyb Linge og Anniken Hjellbakk Hole