Var du klar over at på landsbasis er det fleir menn som får kreft en kvinner?
Prostatakreft er kanskje ikkje så overraskande den kreftforma som rammar flest menn i Norge. Oppdagar du kreft tideleg har du større moglegheit for å bli kreftfri.
Kjelde: https://kreftforeningen.no/om-...
Ei forklaring på at menn har større risiko for alvorlig sjukdomsforløp ved kreft, er at sjukdommen ofte har kommet lenger hos menn når den oppdagas. Derfor bør du som mann bli flinkare til å oppsøke lege.
Kjelde: https://www.kreftregisteret.no...
Sjølv om det er 53,2% menn og 46,8% kvinner som får kreft i Norge, er det flest kvinner som deltar på kreftrehabilitering ved Muritunet.
Ein ser ei auke i antal kreftdiagnosar i Noreg samtidig som dødelegheita går ned. Fleire lever lenger med si kreftdiagnose og vi tenkjer derfor at det vil være aukande behov for kreftrehabilitering.
Seineffekt etter kreftbehandling er noko som blir snakka lite om. Opplever du seineffekt ved kreft har Muritunet kort ventetid på kreftrehabilitering på Sunnmøre.