Muritunet drifast som normalt

Vi understreke at det er viktig at legar framleis henviser pasientar til Muritunet for rehabilitering, trass i førebuande arbeid med nye anbud.

Til orientering

Vi vil informere legar og pasientar om at Muritunet, trass førebuande arbeid med nye anbud driftar som normalt. Muritunet er ein viktig ressurs for pasientane i Møre og Romsdal, og vårt tilbod er essensielt for dei som treng spesialisert rehabilitering. Vår kompetanse og tilrettelegging er uvurderlig for mange i sin veg tilbake til kvardagen. 

Kven kan henvise?

Fastleger, avtalespesialister, og poliklinikker kan sende elektronisk henvisning til Regional Vurderingsenhet i Helse Midt (RVE). Sjukehusavdelinger kan henvise direkte til Muritunet.

Du har rett å klage på vedtak.

Om det blir avslag frå RVE, er det verdt å klage. Basert på årsrapporten frå 2023, blir 41 % av klager godkjente ved andregangs klage. Sjå Årsrapport 2023 Regional vurderingsenhet (unn.no)

Diagnosegruppe og målgruppe

Under kvart tilbod på nettsida er det ei sida som heite «For henvisar» her finn du informasjon om diagnosegruppe og målgruppe» som f.eks. arbeidsretta rehabilitering https://www.muritunet.no/helsepersonell/rehabiliteringstilbod/arbeidsretta-rehabilitering/dogntilbod-valldal/arbeidsretta-rehabilitering---dogntilbod/

Både dag- og døgn avdeling har normal drift. Fortsett å henvis pasientar til våre rehabiliteringstilbod.