Fleir ete åleine, det kan føre til at vi et meir enn vi treng. Det kjem ofte av at vi ikkje merkar når vi er mette, særleg om vi ser på TV. Difor er det ikkje berre kva vi et som er viktig, men også korleis vi et. Skru derfor av skjerm og anna underhaldning når du et. Sunne etevanar må lærast.
Fleir ete åleine, det kan føre til at vi et meir enn vi treng. Det kjem ofte av at vi ikkje merkar når vi er mette, særleg om vi ser på TV. Difor er det ikkje berre kva vi et som er viktig, men også korleis vi et. Skru derfor av skjerm og anna underhaldning når du et.
Barn og ungdom som et minst tre måltid i veka saman med familien, har eit sunnare kosthald og mindre risiko for overvekt. Det å dele måltid saman med familien skapar ein kjensle av fellesskap og kan vera ein fin høve til å snakke og slappe av frå kvardagens stress. Sunne etevanar må lærast. Barn og ungdom som blir lært opp til å ete middag i fellesskap. Vil mest truleg sette pris på og vidareføre det som vaksen.
Eldre som et saman med andre, har ofte meir matlyst. Einsame som bur åleine kan difor ha nytte av å ete saman. Nokre kommunar har innført ‘spisevenn’-ordning. Som inneber at eldre får besøk av ein frivillig som et saman med dei og bidrar til eit hyggeleg og sosial måltid. Ei påminning no til påske er at vi verdsetja det sosiale aspektet ved å dele eit måltid med andre. Mat er ikkje berre viktig for å overleve, men også for nytelse, fellesskap, tradisjonar og god helse.
Hugs at det er sjeldan for seint å endre ein vane. Ved å vera bevist våre etevanar kan vi oppnå betre helse og trivsel. Om du ofte lagar og et mat åleine kan det vere vanskeleg velje å ete sunne og varierte middagar. Då kan god planlegging vere til hjelp. Handleliste med akkurat det du treng til tre-fire middagar. Vi har laga ei utskriftbar handleliste du kan bruke til inspirasjon. Last ned handleliste og prøv fire sunne oppskrifter frå kokeboka til Muritunet.
Dersom mat og livsstil har blitt ei utfordring. Finnast det tilbod for deg som har ein BMI over 40 eller har BMI over 35 med fedmerelaterte tilleggsjukdommar. Betre helse kan gi deg betydeleg betre livskvalitet. Om du er motivert og klar for ei endring. Fortel fastlegen din om kva du treng hjelp til.
Les meir om rehabiliteringstilbodet for deg med livsstilsrelaterte utfordringar.