Tilrettelegging, oppfølging, samarbeid og førebygging av sjukefråvær er ein del av arbeidsgjevaren sitt ansvar for å legge til rette for at tilsette kan fortsette å arbeide trass sjukdom og skader. Om di bedrift eller avdeling opplever høgt sjukefråvær, kan det vere ei utfordring å handtere aleine. Det finst løysingar som kan hjelpe. I artikkelen vil vi informere om ulike årsaker til sjukefråvær og opplyse om tiltak som ekspertbistand, som kan bidra til å redusere sjukefråværet i di bedrift.
Den siste tiden har sjukefråværet nærma seg eit historisk toppnivå i Noreg og utgifter til sjukepengar har steget med 3,5 milliardar kroner i 2024. (1) I Møre og Romsdal er 6,3% av befolkninga sjukemeldte i 1. kvartal i 2024.
Verdiskapinga er avhengig av at den norske befolkninga er friske og arbeidsdyktige for at utviklinga skal vedvare. (2) Blant dei kommunane i fylket med høgaste sjukefråvær i prosent finn vi Vanylven, Volda og Ørsta. Størst reduksjon i sjukefråværet så langt i år har vi på Stranda med ein nedgang på 10.9 %. (3)
Psykiske lidingar er rekna no som ein av dei største helseutfordringane i Noreg. (4) Trass auke i sjukefråværet for denne gruppa i Norge, opplever Møre og Romsdal ein nedgang i sjukefråvær blant gruppa med psykiske lidingar. Årsaka til den positive endringa er uviss, men det er veldig bra for fylket.
Ekspertbistand er ein kostnadsfri teneste finansiert via NAV som har som formål å redusere sjukefråver. Har di bedrift eller avdeling hyppig eller langvarig sjukefråvær? I slike tilfelle kan du ha nytte av ekspertbistand.
Erfaring visar at sjølv om arbeidsgivar har rutine for sjukefråver, kan det ved enkelte høve vere utfordrande å løyse denne utfordringa aleine. Det kan vere mangel på tid og kompetanse til å gjennomføre gode tiltak som kan bidra til å redusere sjukefråværet i bedrifta.
Årsaka til sjukefråvær er ofte samansette og kan vere utfordrande å handtere. Halvparten av dei som er sjukemeldt meir enn 12 veker kjem ikkje tilbake til sin ordinære jobb, uavhengig av kva årsaka til sjukefråværet er. Difor kan hjelp og kompetanse vere nødvendig for å redusere sjukefråværet i di bedrift.
Ekspertbistand inneberer at tilsette og leiinga får assistanse frå jobbekspertar (til dømes hos Muritunet) som har lang erfaring med oppfølging av sjukefråvær. Målet er å kartlegge, avklare og foreslå tiltak som kan føre til stabil jobbdeltakelse for den tilsette. Jobbekspertar på Muritunet har lang erfaring og tverrfagleg kompetanse, som er essensielt for å bistå i sjukefråværsaker. (5)
Ekspertbistanden skal resultere i ein rapport til arbeidstakar og arbeidsgivar. Rapporten skal, ifølge forskrifta, beskrive årsaka til sjukefråværet og foreslå tiltak for tilbakeføring til arbeid. Gjennom ekspertbistanden kan dei involverte bli kjent med helseopplysningar og andre forhold som ikkje er alminneleg kjend. Kjennskapen til ordninga blant arbeidsgivar er fortsett relativt lav og forutsetning for at tilskot til ekspertbistand skal bli brukt er at de som kan ha nytte av den kjenner til ordninga. (6)
Er di bedrift eller avdeling plaga med høgt sjukefråvær? Les om Tilskudd til ekspertbistand - nav.no
(1) Oxford Research & Proba Samfunnsanalyse (2024). Evaluering av tilskudd til ekspertbistand. Evaluering av tilskudd til ekspertbistand - Sluttrapport (justert)_120624.pdf
(2) NHO: https://www.nho.no/regionkontor/nho-more-romsdal/nokkeltall_naringsliv_more_romsdal/
(4) NAV: Sykefravær grunnet psykiske lidelser øker - nav.no
(5) Muritunet: Ekspertbistand • Muritunet
(6) Arbeid og inkludering: AFI-rapport om Ekspertbistand (arbeidoginkludering.no)
(7) Arbeidstilsynet: Tilrettelegging av arbeidet (arbeidstilsynet.no)