Forskningsprosjekt

"Digital rehabilitering- Følgeforsking VR". Muritunet deltek i ein forskingsstudie der formålet med prosjektet er å undersøke om korleis virtual reality (VR) gjennom trening og aktivitet kan bidra til betre kognitiv fungering.

Prosjektleiar: Nasjonal kompetanseteneste for Arbeidsretta Rehabilitering // Status: Pågåande // Varigheit: 2022-2023. 

"RehabNytte". Muritunet deltek i ein multisenterstudie der formålet er å undersøke kva som kan bidra til bedre og meir effektive rehabiliteringstjenester. Resultat frå studien finn du her.

Prosjektleiar: Nasjonal kompetanseteneste for revmatologisk rehabilitering // Status: Pågåande // Varigheit: 2019-2021. 

"LIVSARR".  Ph.D prosjekt der formålet er å undersøke kva som påverkar arbeidsevna til personar som står i fare for eller har falt ut av arbeidslivet direkte eller indirekte grunna kroppsmasseindeks over 30. «Vil livsstilsendring ha ein samanheng med å vere i arbeid? Livsstilsfaktorar som påverkar arbeidsdeltaking» 

Prosjektleiar: Anita Dyb Linge // Status: Pågåande // Varigheit: 2017-2021 //  

Tre fagfellevurderte artiklar er publisert. 

"BRIDGE". Ein randomisert, kontrollert studie for å betre kontinuitet og kvalitet i rehabilitering for personar med skade, sjukdom og plagar i muskel- og skjelettsystemet. 

Prosjektleiar: Nasjonal kompetanseteneste for revmatologisk rehabilitering // Status: Pågåande // Varigheit: 2017-2021 // 

Fagfellevurdert artikkel er publisert.

"KARR". Medisinsk kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering.

Prosjektleiar: Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering // Status: Pågåande // Varigheit: 2017-d.d.// 

"FARVE". «Arbeid som integrert del av framtidas helseteneste for personar med fedme grad II og III» 

Prosjektleiar: Anita Dyb Linge // Datainnsamling avslutta 2018. Publiseringsarbeid i prosess. // 

"MUSTUD". Ein pilotstudie der ein kartlegg omfanget av og følgjer målevariablar som skildrar subjektive og objektive forhold om helsa til sjukleg overvektige, med særskild vekt på lungefunksjon.

Prosjektleiar: Finn Wammer // Datainnsamling avslutta 2015. 

Fagfellevurdert artikkel er publiserte.