Virke Rehab, FoU. Nettverket skal vere ei drivkraft til å etablere og gjennomføre FoU arbeid ved alle medlemsinstitusjonane i Virke Rehab. FoU nettverket skal bidra til å generere systematisk dokumentasjon, med mål om forskingsaktivitet og ny kunnskap på tvers av medlemsinstitusjonane og for helsesektoren.
Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon (ObeCe). Eit nettverk som består av rehabiliteringssenter i Helse Midt Norge RHF som tilbyr livsstilsbehandling til personar med fedme grad I, II og III. Nettverket skal vere ei drivkraft til å utvikle nye behandlingstilnærmingar, etablere forskingsaktivitet og ny kunnskap for å styrke fageltet innan livsstilsbehadnling.
Rehabiliteringsnettverket Helse Midt Norge RHF. Samarbeidsorgan for alle rehabiliteringsinstitusjonane med avtale med Helse Midt Norge RHF. Fokus på utviklingsomårder innan fagfeltet.
NK- ARR kjernenettverk. Nettverkssamarbeid mellom NK-ARR og rehabiliteringsinstitusjonar, som tilbyr arbeidsretta rehabilitering (ARR). Kjernenettverket si overordna oppgåve er i fellesskap å styrke fagfeltet ARR blandt anna gjennom fagutvikling, forsking og kompetansespreiing med tett dialog til øvrige arbeidsoppgåver som blir gjennomført i NK-ARR.
“The Norwegian Cancer Rehabilitation Group» (NCRG). NCRG har som mål å frambringe ny kunnskap om behovet for og effekt av kreftrehabilitering i eit regional og i eit nasjonalt perspektiv