Medium 45 min
Kan innehalde: Gluten av kveite, egg, melk.

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • Deig:
  • 70 g
    Margarin
  • 100 g
    Mager kesam
  • 1.5 dl
    Sikta sammalt kveite
  • 1 dl
    Havremjøl
  • 0.5 dl
    Kveitemjøl
  • Fyll:
  • 0.5 ts
    Salt
  • 6 stk
    Egg
  • 1.5 dl
    Vatn
  • 1.5 stk
    Brokkoli
  • 1 ts
    Salt
  • 0.25 ts
    Pepar

Framgangsmåte

  1. Sett på omnen, 180 gr. over-/under varme.
  2. Ha alle ingrediensane til deigen i ein bakebolle og knø godt saman til ei fast deig.
  3. Smør ei rund pai form og trykk deiga utover og oppetter kantane.
  4. Stikk hol over heile botnen med ein gaffel, dette for å unngå luftlommer i deiga når den steiker.
  5. Forsteik botnen i ca. 15 min.
  6. Medan botnen steiker skyll og delar du brokkolien opp i små bukettar.
  7. Pisk saman egg og vatn, ha i salt og pepar.
  8. Når paideiga er ferdig, ta den ut og  legg over brokkolien, tøm over eggestanden.
  9. Sett inn i omnen i ca. 15 minutt til.
  10. Om du vil ha ost på toppen ta ut etter 10 minutt og ha på osten, sett innatt i 5. min. Kjenn om egga har stivna ved å trykke lett på midten.

Du kan nesten variere denne i det uendelige. Du kan putte i laks, skinke, kylling eller ha i andre grønnsaker, alt etter kva du har i kjøleskåpa Topp gjerne med ost (mager), husk då at næringsberekninga blir annleis.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • kJ/kcal
    784/188
  • Feitt
    10.6 g
  • Metta feitt
    3.7 g
  • Karbohydrat
    13 g
  • -derav sukkerartar
    1.2 g
  • -tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    1 g
  • Protein
    9.1 g
  • Salt
    1.4 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Skalldyrsmix

Lett ikon-tid 30 min