Lett 40 min
Kan innehalde: Gluten av hvete, melk

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • 340 g
    Fullkornspasta, tørr
  • 0.5 stk
    Grilla kylling
  • 6 ss
    Tomatpesto (sjå oppskrift under dressingar)
  • 1 stk
    Paprika
  • 3-4 stk
    Vårløk
  • 150 g
    Brokkoli
  • 100 g
    Fetaost (1/2 pk fast blokk)
  • Pepar, oregano etter smak

Framgangsmåte

  1. Kok pasta etter anvisning på pakken, skyll med kaldt vatn og avkjøl helt.
  2. Vask, tørk av og kutt opp grønnsakene.
  3. Kok opp vatn og forvell brokkoli i 3-4 minutt, skyll i kaldt vatn og la renne av.
  4. Del opp kyllingen i mindre bitar og bland den inn saman med grønnsakene og ferdigkokt pasta.
  5. Tilsett pesto og ev. pepar, oregano og eller basilikum.

Her kan ein bytte ut kylling med det ein måtte like; laks, tunfisk, reker, bønner eller skinke for eksempel. Denne kan enkelt gjerast gluten og melkefri ved å benytte glutenfri pasta og droppe fetaost, eller ein kan bruke vegansk alternativ. For lettvint variant av pesto: kjøp ferdiglaga grønn eller raud pesto på glas i dagligvarebutikk.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    607/145
  • Fett
    6.3 g
  • Metta fett
    1.7 g
  • Karbohydrat
    10.2 g
  • -derav sukkerartar
    1.2 g
  • -tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    2 g
  • Protein
    11 g
  • Salt
    0.6 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Kjøleskåpsgraut med byggryn

Lett ikon-tid 30 min