Her brukar du dei rotgrønnsakene du likar og kuttar opp dei mengdene du vil ha.
Tips kan være søtpotet, pastinakk, grønkål, selleri, rødbeter, kålrot eller gulrot.
Skjer grønnsakene i så tynne skiver som råd.
Har du ein mandolin (rivjern eller såkalla "svigermor") så kan du godt bruke det. Still inn på en omlag 5mm. Ellers bruk en skarp kniv og skjer skiver.
Rensk og skrell grønnsakene. Grønnkålen bør ein ta vekk dei grovaste stilkane og rive blada grovt opp, knip dei godt inn med olje og krydder.
Ha grønnsakene i ein bolle, slå over litt olje og litt salt.
Bland lett saman med hendene slik at alt får olje og krydder på seg. (tips: ikkje bland rødbetane inn ilag m det andre for då vert alt rosa.)
Grønkålen treng kanskje litt kortare steiketid så ha den i ei form for seg sjølv.
Legg eit bakepapir på eit steikebrett og fordel grønnsakene godt utover.
Steik midt i omnen i 10-15 minutt, eller til dei er tørre og sprø- følg med inne i omnen, det kan fort bli brent.
Ta ut av omnen og avkjøl.
Varier krydder, spisskummen og timian passar godt ilag med rotgrønnsaker. Kanskje chili, røkt paprika krydder og kvitløk krydder? Vær vill og vågal og test.