Lett 50 min
Kan innehalde: Gluten av kveite.

Ingrediensar

Antal porsjonar 10
  • 5 dl
    Vatn (lunka)
  • 1 pk
    Fersk/ tørrgjær
  • 1 ss
    Fiberhusk
  • 2 dl
    Havregryn
  • 5 dl
    Fin sammalt kveite
  • 4.5 dl
    Kveitemjøl
  • 1 ts
    Salt

Framgangsmåte

  1. Bland lunkent vatn, gjær og fiberhusk.
  2. Rør godt når du har i fiberhusken, så det ikkje klumpar seg.
  3. La det stå i 5 min. Ha god plass der du rører det ut, for dette svell veldig opp. 
  4. Ikkje la det verte kaldt.
  5. Bland alt det tørre, hald att litt av mjølet . 
  6. Ha i fiberhusk/gjær blandinga og elt i 5 - 10 min.
  7. Hev til dobbel størrelse. Bak ut bollar som skal vege ca 80 gr.
  8. Legg dei på brett med bakepapir. Trykk dei litt flate og etterhev til dobbelstørrelse.
  9. Pensle dei med vatn og strø på sesamfrø rett før steiking.
  10. Steik midt i omnen på 225 gr i "vanleg" omn - 180 gr i varmluftsomn.
  11. Steik i 12-15 minutt , til bollane er gylne.
  12. Ta ut og ha over på ei rist for avkjøling.

Du kan sjølvsagt bruke dei til frokostrundstykker eller suppebrød, lag dei då gjerne litt mindre.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    853/ 202
  • Fett
    1,5 g
  • - derav metta fett
    0,2 g
  • Karbohydrat
    36,2 g
  • -derav sukkerarter
    0,4 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    6 g
  • Protein
    8 g
  • Salt
    0.6 g

Andre lignande oppskrifter

Risotto med fisk

Medium ikon-tid Ca. 60 min

Mager coleslaw

Medium ikon-tid 20 min

Meksikansk Bønnegryte

Medium ikon-tid 40 min