Bland ut gjæra i fingerlunkent vatn, i lag med honninga.
Bland alt det tørre i ein bolle. I oppskrifta står det 100g kveitemjøl, dette brukast til å elte deiga tilslutt om det trengs meir mjøl.
Tilset egg, olje, mager kesam og gjærblandinga.
Elt i ca 10 minutt.
Lat heve i ca.60 minutt.
Sett omnen på over-/undervarme på max temperatur (250 gr.)
Set inn bakeplatene i omnen slik at dei vert varme.
Del deigen i 8 emner, trykk kvart emne ut til en runding (ca.0,5 cm tjukke), eller bruk kjevle. Legg på bakepapir.
Når omnen og bakeplata er varm nok, ta ut av omnen, smør raskt med olje og legg nan brøda på varme steikebretta. Sett raskt inn nederst i omnen. FORSIKTIG NO!
Her må ein følge med og gjerne snu brøda på steikebrettet innimellom. Steik på 4-5 minutt på kvar side, sjekk dei. Sett dei gjerne midt i omnen i nokre minutt når dei har fått god steikeskorpe på seg. (Totalt 14-15 minutt i omnen).
Gjenta til alle er steikt.
Ein kan teste å bruke sveletakka om ein har det, eller varm steikepanne for å gi brøda steikeoverflate også sette dei inn i steikeomnen for siste steiking om nødvendig. Kesamen gjer at baksten kan kjennast litt "tung".