Lett 55 min
Kan innehalde: Gluten av kveite.

Ingrediensar

Antal porsjonar 3
  • 3.5 dl
    Sammalt grov kveite
  • 3.5 dl
    Lettkokt havregryn
  • 2 dl
    Solsikkekjerner
  • 1.5 dl
    Sesamfrø
  • 1 dl
    Kruskakli
  • 0.5 dl
    Linfrø
  • 1 ss
    Buljong
  • 9 dl
    Vatn

Framgangsmåte

  1. Bland alle ingrediensane i ein bolle.
  2. Hald att 2 dl av vatnet og spe ut om nødvendig.
  3. Kle 3 brett med bakepapir .
  4. Fordel røra på bretta og stryk utover.
  5. Skal vere ganske tynt lag.
  6. Steik alle bretta på ein gong på varmluft 160 gr.
  7. La steike i 10 min. Ta ut bretta og rut dei opp med pizzahjul.
  8. Sett bretta innatt i omnen og steik vidare i ca 35 min.

    Sjekk om dei er sprø før du tek dei ut.
  9. Er dei ikkje sprø, skru ned varmen og la dei stå litt.
  10. Ha dei gjerne over på rist så går det raskare. 

Bruk gjerne ein slikkepott eller ein flat, litt brei steikespade når du skal bre røra utover, då går det glattare. For variasjon kan du strø over havsalt, oregano, kvitløk, pensle med tomat pesto eller ha anisfrø i røra for god smak.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi
    1824/438 kJ/kcal
  • Fett
    23 g
  • -derav metta fett
    2,8 g
  • Karbohydrat
    35 g
  • -derav sukkerartar
    1,7 g
  • Tilsett Sukker
    0,11 g
  • Kostfiber
    13,5 g
  • Protein
    17 g
  • Salt
    1 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Chiapudding

Lett ikon-tid 10 min

Solskinns smoothie

Lett ikon-tid 15 min

Bringebær smoothie

Lett ikon-tid 15 min