Lett 45 min
Kan innehalde: Fisk

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • 600 g
    Laksefilet
  • 1 ss
    Olje (i steikeforma)
  • 1.5 dl
    Blåbær (valfritt, men gir en frisk smak, og er proppfull av antioksidantar)
  • 150 g
    Salat (valgfri type)
  • 2 stk
    Avokado
  • 1 stk
    Eple (grønt, syrleg)
  • 1.5 dl
    Vårløk
  • 0.5 dl
    Solsikkekjerner

Framgangsmåte

  1. Sett steikeomnen på 200 gr, varmluft eller over under varme.
  2. Del laksefiletane i litt store terningar, legg dei i smurt steikeform.
  3. Strø over litt salt og pepper (gjerne sitronpepper).
  4. Steik laksebitane i steikeomnen i ca 10 minutt.
  5. Ta ut laksen og sett til side medan du startar på resten av salaten.
  6. Vask salat, eple, bær og vårløk- tørk av.
  7. Skjær avokadoen i 4, trekk av skalet. Del den så i terningar .
  8. Skjær eplet i terningar og vårløken i tynne skiver.
  9. Legg alle grønnsakene, frukta og bæra i skåla med salaten. 
  10. Om du vil kan du røre saman 1 ss olivenolje og safta fra ein 1/2 sitron og blande i salaten.
  11. Rist solsikkekjerner v/ svak varme, strø dei over salaten.
  12. Legg laksebitane oppå salaten.

Prøv deg fram med kva du likar i salaten, kanskje mangoterningar eller agurk kan freiste? Her er blåbær sløyfa. Godt med honningkesamen til, du finn oppskrift på den her i boka vår.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi/kcal
    727/175
  • Fett
    13.2 g
  • - derav metta fett
    2.3 g
  • Karbohydrat
    3.6 g
  • - derav sukkerartar
    1.9 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    11.3 g
  • Protein
    11.3 g
  • Salt
    0.1 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Skalldyrsmix

Lett ikon-tid 30 min

Kjøleskåpsgraut med byggryn

Lett ikon-tid 30 min

Muritunets magre hamburgerar

Medium ikon-tid 35 min