Medium 45 min
Kan innehalde: Egg, melk

Ingrediensar

Antal porsjonar 5
  • 4 stk
    Egg
  • 4 ss
    Cottage cheese (store ss)
  • 1 ts
    Bakepulver
  • 1
    Lita klype salt
  • 50 g
    Havregryn (kan bruke glutenfrie)

Framgangsmåte

  1. Bland saman ingrediensane i ein liten bakebolle.
  2. Bruk ein stavmiksar og kjøyr blandinga glatt.
  3. La røra svelle i 10 minutt.
  4. Steik lappane på steikepanne på middels varme, bruk litt margarin på panna. 
  5. Snu lappane når du ser det boblar på toppen. 
  6. Et lappane som dei er eller med egna pålegg.

Du kan variere denne oppskrifta med å putte i ein halv banan og kanel. Ha i ei ss honning. Ha i hummus. Kokt skinke, brokkoli og paprika. Litt raspa gulrot og kanel eller frisk basilikum og soltørka tomat (sløyf då salt i røra).

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi,kJ/kcal
    703/168
  • Fett
    8.5 g
  • -derav metta fett
    2.6 g
  • Karbohydrat
    9.2 g
  • -derav sukkerarter
    0.7 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    2 g
  • Protein
    13 g
  • Salt
    1 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Kjøleskåpsgraut med byggryn

Lett ikon-tid 30 min

Chiapudding

Lett ikon-tid 10 min

Solskinns smoothie

Lett ikon-tid 15 min