Medium 35 min
Kan innehalde: Gluten av kveite - melk - egg.

Ingrediensar

Antal porsjonar 8
  • 800 g
    Karbonadedeig (eller kylling-/svine kjøttdeig)
  • 2.5 dl
    Cottage cheese (mager)
  • 2 stk
    Egg
  • 1 ss
    Havregryn (bruk gjerne glutenfrie)
  • 1 ss
    Tacopulver
  • 0.5 stk
    Løk (finkutta-eller bruk foodprosessor)
  • 1 stk
    Riven gulrot
  • 1 ts
    Mineralsalt (seltin)
  • 1 ts
    Pepar

Framgangsmåte

  1. Ha karbonadedeig, cottage cheese, egg og havregryn i ein bolle (bruk gjerne miksar og K spaden om du vil).
  2. Bland alt saman .
  3. Krydre med dei smakane du vil, her har vi brukt løk og tacokrydder.
  4. Rør godt saman.
  5. Lag ei lita prøve karbonade som du steiker for å teste krydder mengda. 
  6. Form hamburgerar på ca. 100 gr. Bruk kaldt vatn på hendene.
  7. Legg dei i steikepanna og trykk dei litt flate.
  8. Steik til du får ei fin steikeskorpe. 
  9. Legg dei i ei ildfast form og gjennomsteik dei i steikeomn - 140 gr. i ca.15 min.    

Ha ei skål kaldt vatn ved sida av steikepanna og fukt hendene mellom kvar karbonade - då er det lettare å forme dei til. Her kan de òg velje å finkutte raudbetar, sylteagurk og det de måtte like å ha i karbonade deiga. Krydderet vi har ført opp i oppskrifta er valfrie.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/ kcal
    467/111
  • Fett
    4,4 g
  • -derav metta fett
    1,9 g
  • Karbohydrat
    1,6 g
  • -derav sukkerartar
    1,2 g
  • Tilsett sukker
    0,11 g
  • Kostfiber
    0,5 g
  • Protein
    16 g
  • Salt
    0,8 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Skalldyrsmix

Lett ikon-tid 30 min