Medium 45 min
Kan innehalde: Fisk, melk.

Ingrediensar

Antal porsjonar 2
  • 2 stk
    Laksestykker
  • 2 stk
    Gulrøter
  • 0.5 stk
    Squash
  • 100 g
    Spinat
  • 1 ss
    Sitronsaft
  • 0.5 ts
    Salt
  • 1 ss
    Sitronpepar/pepar
  • 1 ss
    Rapsolje
  • 3 ss
    Lett creme fraiche/matyoghurt
  • 1 fedd
    Kvitløk

Framgangsmåte

  1. Legg laksefiletane i ei lita ildfast form. Ha ei lita skei olje under eller bakepapir slik at filetane ikkje brenn seg fast.

    Her er det brukt laksestykker på omlag 140 gram pr. person. 
  2. Krydre med salt, pepar (sitronpepar) og finhakka kvitløk.
  3. Sett laksen inn i forvarma ovn på ca. 180 grader i 15-20 minutt.
  4. Medan laksen står i omnen, skrellar du gulrot og strimlar den. Har du ikkje redskap til å lage "guletti", så går det like godt å raspe den grovt eller strimle tynt med kniv. Gjer det same med squashen.
  5. Ha i steikepanne med ei ss olje. Fres gulrot, squash og spinat raskt saman. Husk å skylle spinaten.
  6. Ha i lett crème fraiche/matyoghurt tilslutt, rør fort saman (må ikkje koke då "sprekk" sausen!!),  smak til med sitron, salt og pepar. Ha i litt vatn om du vil ha ein litt tynnare saus.

Her kan du like gjerne bruke fryst spinat, like sunt og like godt. Kan servere det med poteter, ein enkel salat, fullkorns couscous, byggris eller bulgur om ein vil, men er òg godt utan. For å gjere denne energirik (for dei som treng litt ekstra) bruk litt fløte og creme fraiche med høgare feittinnhald istadenfor vatn og lett creme fraiche.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    480/115
  • Fett
    7,6 g
  • -derav metta fett
    1,4 g
  • Karbohydrat
    2,5 g
  • -derav sukkerarter
    2,2 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    3,2 g
  • Protein
    7,8 g
  • Salt
    0,5 g

Andre lignande oppskrifter

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Grove hamburgerbrød

Lett ikon-tid 50 min

Risotto med fisk

Medium ikon-tid Ca. 60 min