Lett 40 min
Kan innehalde: Egg, melk, gluten av havre (om ein brukar det)

Ingrediensar

Antal porsjonar 6
  • 2 stk
    Egg
  • 175 g
    Cottagecheese
  • 1 stk
    Gulrot
  • 5 g
    Chiafrø
  • 65 g
    Bokhvetemjøl eller havremjøl
  • 65 g
    Havregryn
  • 1 ts
    Bakepulver
  • 0.25 g
    Salt

Framgangsmåte

  1. Sett steikeomnen på 180 gr.(over-/undervarme).
  2. Kle eit steikebrett med bakepapir.
  3. Skrell gulerøtene. Bruk eit rivjern og riv gulerøtne direkte i ein bakebolle.
  4. Ha i egg og cottage cheese i bollen, kjør glatt med ein stavmiksar.
  5. Tilsett chiafrø, bokkveite/havremjøl, havregryn og bakepulver og salt.
  6. Bland godt saman.
  7. La deigen stå i ca.10 minutt før du formar deiga til rundstykker på ca.60 g per stykk.
  8. Ha gjerne kaldt vatn på hendene så slepp du kliss.
  9. Strø over chiafrø eller havregryn til pynt (valfritt).
  10. Steikast i midt i omnen i ca. 15-20 minutt (følg med og sjekk), til dei er gyldne.
  11. Avkjøl på rist.
  12. Nytast ferske med godt pålegg eller du kan fryse dei og ta opp ved behov.

Press dei gjerne flate med fingrane, då får du plass til meir godt pålegg og dei trenger kortare steiketid.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    713/170
  • Fett
    5.6 g
  • -derav metta fett
    1.9 g
  • Karbohydrat
    18 g
  • -derav sukker
    1.9 g
  • Sukker,tilsett
    0 g
  • Kostfiber
    3.1 g
  • Protein
    11 g
  • Salt
    0.7 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Chiapudding

Lett ikon-tid 10 min

Solskinns smoothie

Lett ikon-tid 15 min

Bringebær smoothie

Lett ikon-tid 15 min