Medium Ca. 60 min
Kan innehalde: Fisk.

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • 2 ss
    Rapsolje
  • 4 dl
    Ris
  • 8 dl
    Vatn
  • 1 stk
    Purreløk
  • 2 ss
    Karri
  • 800 gr
    Seifilet/Torsk
  • 2 stk
    Gulrot
  • 100 gr
    Grønnkål

Framgangsmåte

  1. Skyll risen godt.
  2. Fres karri, ris, gulrot, grønnkål og purreløk lett i olje. 
  3. Slå på vatn og kok i 15 minutt.
  4. Legg på fisken og damp vidare i 12-15 minutt. Legg lokk på panna og skru ned varmen slik at fisken dampar.
  5. Rør forsiktig i gryta innimellom.
  6. Smak til med salt, sitronpepar og evt. sitronsaft.

Grønnsakene vi har brukt her kan de bytte ut med dei de likar. Bruk gjerne frosen grønnsaksblanding, så sparer ein seg litt tid. Istadenfor å lage alt i ei kasserolle, kan du slå alt over i ei ildfastform. Smak til med krydder og ha på litt meir væske om nødvendig. Legg så fisken oppå risen, dekk til med aluminiumsfolie og sett inn i steikomnen på 170 gr. i ca. 15-20 minutt.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    385/91
  • Fett
    1,8 g
  • -derav metta fett
    0,2 g
  • Karbohydrat
    10,5 g
  • -derav sukkerartar
    0,9 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    1,4 g
  • Protein
    7,7 g
  • Salt
    0,1 g

Andre lignande oppskrifter

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Grove hamburgerbrød

Lett ikon-tid 50 min