Medium 60 min
Kan innehalde: Egg, melk

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • 1 stk
    Søtpotet (ca 120 g)
  • 150 g
    Fetaost (blokk)
  • 100 g
    Soltørka tomat
  • 0.5 stk
    Paprika
  • 0.5 stk
    Purre
  • 5 stk
    Egg
  • 1 dl
    Lettmelk
  • 20 g
    Frisk spinat
  • 1 neve
    Riven ost
  • 0.5 ts
    Chilipulver eller pepar.

Framgangsmåte

  1.  Sett omnen på 200 gr., over-/under varme.
  2.  Skrell og kutt søtpotet i skiver på omlag 3 mm tjukkelse.
  3.  Legg søtpotetskivene i ei ildfast form, smør tynt med litt olje i botn.
  4.  Smuldre fetaosten over potetene.
  5.  Kutt opp soltørka tomat, paprika og purre, strø over potetene.
  6.  Visp saman egg og melk (kan bruke vatn her). 
  7.  Kutt opp en neve spinat og ha i eggeblandinga.
  8.  Tøm over forma med grønsakene- strø ost på toppen om du vil (kan sløyfast).
  9.  Steik midt i omnen til eggeblandinga har satt seg og osten er gyllen. (ca. 35 minutt).
  10.  Ta ut og la kvile litt før servering.
  11.  Server med salat, laks eller kylling.

Ha i til dømes hermetiske (skylte) linser eller kyllingbitar i forma for å auke proteininnhaldet, bruk andre urter og grønnsaker etter kva du likar.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi kJ/kcal
    577/138
  • Fett
    8.8 g
  • -derav metta fett
    3.9 g
  • Karbohydrat
    4.8 g
  • -derav sukkerartar
    2.9 g
  • Tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    2 g
  • Protein
    9.1 g
  • Salt
    0.9 g

Andre lignande oppskrifter

Proteinrike matmuffins

Medium ikon-tid 50 min

Linsesuppe

Medium ikon-tid 45 - 60 min

Gulrot/ ingefær suppe

Medium ikon-tid 35 minutt. min

Skalldyrsmix

Lett ikon-tid 30 min