Lett 25 min
Kan innehalde: Fisk

Ingrediensar

Antal porsjonar 4
  • 700 g
    Torskefilet
  • 1 fedd
    Kvitlauk
  • 2 ss
    Koriander, fersk
  • 1 ts
    Garam masala
  • 0.5 ts
    Chilipulver
  • 0.5 ts
    Salt
  • 2 ss
    Olivenolje
  • 2 ss
    Sitronsaft
  • 0.25 ts
    Gurkemeie

Framgangsmåte

  1.  Sett steikeomnen på 180 gr. (varmluft).
  2.  Skjær fisken i serveringsbitar, tørk av dei med kjøkkenpapir.
  3. Press kvitlauk, finhakk koriander og bland saman med krydderet.
  4.  Bland krydderblandinga med litt og litt olje om gangen. Rør inn sitronsaft tilslutt.
  5.  Vend fiskebitane i marinaden.
  6.  Legg fiskestykka i ei smurt ildfast form.
  7.  Bak i steikeomnen i ca.10-15 minutt.

Ein kan gjerne bytte ut fisken å bruke steinbit til dømes. Har ein ikkje Garam Masala kan ein bruke karri og spisskummin. Kutt litt Garam Masalaen og chili om du ikkje er glad i sterk mat. Godt tilbehøyr: raspa gulrot, cherry tomatar og naanbrød. Eller server med anna grovt brød og salat, eller fullkornsris og kokte grønnsaker. Sjå oppskrift under dressing for Raita, denne kan ein godt kan ha til denne retten. Vær obs på at næringsberekninga gjeld kun for fisken, ikkje tilbehøret.

Næringsinnhald

PR. 100 gr
  • Energi
    665/ 159 kJ/ kcal
  • Fett
    8.3 g
  • Metta fett
    1,77 g
  • Karbohydrat
    0.5 g
  • -derav sukkerartar
    0.1 g
  • -tilsett sukker
    0 g
  • Kostfiber
    0 g
  • Protein
    20.6 g
  • Salt
    0.5 g

Andre lignande oppskrifter

Risotto med fisk

Medium ikon-tid Ca. 60 min

Mager coleslaw

Medium ikon-tid 20 min

Meksikansk Bønnegryte

Medium ikon-tid 40 min