Birgit er utdanna sjukepleiar og har jobba i yrket i 20 år. Ho beskriv seg som ein person som tek ansvar både på jobb og heime. Belastninga over tid tok på, og til slutt “møtte ho veggen”.
For å endre retning i livet har ho måtta bli kjent med kva som gjorde at ho “møtte veggen”. Rehabilitering og interessa for helse har ført til at Birgit er meir bevisst og prioriterar annleis. Birgit håpar at openheita kan bidra til at fleire får hjelp.
Kva trur du er årsaka til at du møtte veggen?
“Nokon treff veggen 120 km i timen, for meg var det museskritt i 10 år. Eg hadde ikkje noko tankar om at det var der eg var på veg. I ettertid har eg skjønt at eg tenkte veldig mykje på kva eg burde, skulle og lite eller ingenting på eigne behov. «Kven er eg, kva likar eg, kva gjer meg glad og kva skal eg gjere for å fylle på var ikkje i tankane»
Birgit fortel at ho var tappa for energi, og kjente ikkje lenger på livsglede, gnisten var borte og hadde gløymt seg sjølv. Ho måtte lære seg å prioritere seg sjølv.
Kva gjorde at du søkte til Muritunet?
«Etter eit år med ulik hjelp for symptoma mine, foreslo legen rehabilitering. Valet falt på Muritunet, noko eg er evig takknemleg for. Tilbodet har hjelpt meg og vore nyttig."
Kva hadde skjedd om du ikkje fekk rehabilitering?
“Eg veit ikkje kor eg hadde vore.... trur eg hadde vore skikkeleg deprimert om eg ikkje hadde fått hjelp. Kanskje eg hadde klart å halde det gåande ei stund til, men det hadde ikkje gått i det lange løp”, seier ho.
Birgit fortel at ho er sikker på at ho hadde blitt skikkeleg sjuk om ho ikkje hadde fått rehabilitering. Det er liksom som før og etter, det kan ikkje samanliknast.
Arbeidsretta rehabiliteringa har hatt stor innverknad på livskvaliteten hennar. Ho har lært mykje og er sikker på at opphaldet vil hjelpe ho vidare i livet.
«No arbeidar eg 3 gongar i veka. Eg får no energi av å jobbe i staden for at arbeidet tappar meg for energi,” seier Birgitte.
Kva verktøy har du hatt bruk for i ettertid?
“Når ting begynner å gå bra er det lett å gløyme alle dei tinga som er med på å gjere det fint. Det kan vere pusteøvinger, meditasjon og bevisstgjering. Viktig å minne seg på at ein må fortsette med det som fungerar,” seier ho
Birgit har lært av å vere bevisst på tankane sine. Det gjer at ho no kan kjenne igjen negative tankemønster. Når ho klarar å stoppe tankane, då føle ho seg skikkeleg god.
Birgit har eit råd til andre som er i same situasjon: “Ikkje ver redd for å få hjelp, om legen din begynn å snakke om Muritunet, då er du heldig, då får du hjelp.”
I starten var det vanskeleg og vere open om korleis ho hadde det. Å innrømme at livet er krevjande var vanskeleg. No tør ho å dele korleis ho har det, og håpar openheita vil gjere det lettare for andre i ein liknande situasjon.
Kva er rehabilitering for deg?
“Du såg bilde at dei var ute og trena, men det er mykje meir enn eg trudde. “Kropp og haud i kombinasjon”. Eg har alltid vore flink til å gå tur, men eg trengte meir det kognitive, tankar og følelsar for å komme i mål”
Rehabilitering er som Birgit forklarar komplekst og tverrfagleg. Formålet med rehabilitering er å gjenvinne fysisk, kognitiv eller sosial funksjon. Ulike faggrupper arbeidar saman med deg slik at du kan få tilbake den kvardagen du sjølv ønskjer. Målsetting og livssituasjon er styrande i ein rehabiliteringsprosess. Prosessen kan vere utfordrande aleine, men på rehabilitering kan du få hjelp av erfarne terapeutar.
“Rehabilitering er ein lang prosess og ein må gjere jobben sjølv. Ein kjem ikkje videre utan å ville gjere endringar. Det burde vore obligatorisk med eit minikurs i rehabilitering der ein fekk betre forståing korleis kropp, følelsar og tankar heng saman. Det hadde vore forebyggande for allmennhelsa.” seier ho.
Birgit har hatt god nytte av rehabilitering. Det kan verke som ho har forstått kva som skal til for å få eit betre liv. Ho prioritetar annleis og har lært å ta vare på seg sjølv igjen. I tillegg er smile tilbake og ho har meir livsgnist.
Vi takkar for at Birgit ville dele si historie med oss på Muritunet.