Alt starta med at eg fekk ein skade når eg jobba som flyvertinne. Livet blei snudd på hovudet og eg hadde smerter konstant. Eg vart ein kasteball mellom helsevesenet fram til legen foreslo eit opphald på smerterehabilitering på Muritunet.
Hanne hadde tidlegare eit aktivt arbeidsliv, men no hadde ho inga tru på at ho kunne komme tilbake til jobb, hadde mange helseplager og med ein fot inn i uførestønad.
«Som dag og natt. Eg var deprimert, alt var tungt, eg var lite lysten på å gjere noko. Familien fant meg som regel på sofaen. No er eg tilbake i arbeid og kjenner på meistring og arbeidsglede tross plager.»
Igjen kan ho vere aktiv med familien sin. Eit familieliv prega av masse humor, glede og liv i heimen.
«Eg vart møtt av personale som såg meg og trudde på meg. Hjelpa eg fekk av primærkontakt, fysioterapeut og alle rundt var heilt eineståande. Dei hjalp meg til å prioritere kva eg skulle jobbe med og kva eg skulle bruke tida på. Dei gjorde alt for at eg skulle komme meg opp og fram. For å sei det sånn dei er som englar.“
Hanne trakk også fram viktigheita av å møte andre i same situasjon, knytte band og føle tilhøre. Fleire av dei ho var på gruppe saman med støttar kvarandre i ei Facebook-gruppe og er venner i dag.
I alt for lange tid hadde Hanne “tøyd strikken” for langt. Ho hadde urealistiske krav til seg sjølv. Ei stor AHA-oppleving var at ho måtte lære å roe seg ned og komme nedpå.
I løpet av opphalda har Hanne lært å bruke energien rett. Samtidig som ho er reflektert og har jobba mykje med å sortere tankar. Eit av verktøya ho trekker fram er «tankehatten» som ga ho moglegheit for ein pause der ho stoppar opp og spør seg sjølv «er dette noko eg skal si ja til eller takke nei»,eit tips ho har brukt veldig mykje.
Aldri gi opp!
Noko av det aller viktigaste for Hanne var at ho ikkje måtte gi opp å snu den negative spiralen og å starte på bedringens veg. Ho hadde gitt opp og hadde lita tru på at ho skulle komme tilbake i arbeid, men i dag seier ho.
Hanne har sidan skaden prøvd ulike stillingsprosentar, men ho seier at kroppen held til 80%. «Det å komme i ei 80% stilling er heilt fantastisk.»
Hanne har alltid slete med søvn sida ho var lita, og ekstra provoserande å høyre på undervisning om at søvn lindrar smerte. For Hanne vart det i staden eit ekstra stressmoment. Legen på Muritunet tok grep og sa «du søv når du treng det». Endring i måten ho fokuserte på søvn gjorde ein forskjell Er ho trøtt kan det hende det blir ein time på sofaen.
«Hanne seier du må gjere jobben sjølv, ingen gjer den for deg. Det er mange som vil ha ein quickfix, men du må gjere det beste ut av den situasjonen og dei forutsetningane du har.»
Frå opphaldet på Muritunet fekk ho med seg eit nytt motto, «sjølv om det ikkje kan reparerast, kan det gjerast noko med likevel». Ho kan ikkje springe på ein fjelltopp, men ho kan gå ei runde i lysløypa.
Retrospektivt, kva ville du ha sagt til deg sjølv? “Ein må vere open for å ta imot hjelp”. Hanne seier det er viktig å ta del i det du klarer og tenke annleis om det du gjer heime. Ho seier at ho gjerne kan tenkt seg å jobbe på Muritunet, ho kan sette seg inn i korleis andre har det. Vi ønsker Hanne masse lykke til videre og takkar for at du delar og inspirerar med si hi